Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seksjonssjef - Prosjekt

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef - Prosjekt

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsinger. Avdelinga forvaltar eit årlig budsjett på omlag 700 mill. utanom større satsingar Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Seksjon Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:

Seksjonssjefen er sentral i eigedomsdirektøren sin leiargruppe og har den administrative og faglige leiinga av eininga. Prosjektseksjon har 18 tilsette og er samansett av prosjektleiarar, brukar- og areal koordinatorar og interiør rådgivarar. Sentral oppgåve er å utvikle seksjonen vidare, vere pådrivar for miljø, digitalisering og effektiviseringsarbeid i byggeprosjekta og Eigedomsavdelinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha:

  • Høgare relevant teknisk utdanning på sivilingeniør/masternivå
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå større bygge- og/eller anleggsprosjekt
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg
  • God økonomiforståing

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person med:

  • Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
  • Evne til å motivere og leie sjølvstendige og godt kvalifiserte fagfolk
  • Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
  • Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
  • Evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, samhandling og utvikling av seksjonen

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Medverking til utvikling av bygg og eigedommar som spenner frå museum til avanserte laboratoriebygg
  • Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile universitetet
  • Inspirerande, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Opplæring og mogelegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Løn etter stillingskode 1059 underdirektør i lønnsspennet 78-88 (kr 765 100 – 1 014 900). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://w3.uib.no/nb/eia/88612/eia-somarbeidsplass

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Even Berge, mobil 95 83 26 09, epost: even.berge@uib.no eller
  • Kjartan Nesset, mobil 95 91 28 31, e-post: kjartan.nesset@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS