LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kontorsjef - Det teknisk-naturvitskapelege fakultet

Søknadsfrist: 19.10.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområder.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum.


Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ein ledig stilling som kontorsjef ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet, fakultetsadministrasjonen.

Som kontorsjef vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du støttar instituttleiar i arbeidet med å legga til rette for utdanning, forsking, innovasjon og formidling innanfor teknisk-naturvitskaplege fag. Kontorsjef vil inngå i eit team med fleire kontorsjefar i fakultetsadministrasjonen. Det ligg per i dag ikkje personalansvar til stillinga

Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor real- og ingeniørfag, og utfører verdiskapande forsking og innovasjon. Vi har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver vert laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Vi har eit internasjonalt miljø med om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Hovudoppgåver

  • saman med fakultetsdirektør, sørga for at fakultetsadministrasjonen medverke til at instituttet oppnår gode resultat innanfor undervisning, forsking, innovasjon og formidling
  • medverke til god informasjonsflyt og godt samarbeid i organisasjonen
  • sørga for god service og støtte til leiarar og tilsette ved institutta
  • medverke i den økonomiske styringa av den samla aktiviteten til instituttet, ressursutnytting og erfaringsutveksling på tvers i fakultetsadministrasjonen og på tvers av institutta
  • medverke leiargruppa ved instituttet, og vareta sekretærfunksjon for denne
  • koordinera og følgje opp strategiutvikling ved institutt i samsvar med overordna strategi, og saman med instituttleiar implementera vedtekne strategiar og planar
  • sørga for førebuing av saker for instituttleiing og instituttråd, og eventuelle andre råd og utval, basert på god styringsinformasjon

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på nivå tilsvarande mastergrad. Særleg relevant kompetanse kan erstatte krav om høgare utdanning på mastergradnivå
  • relevant erfaring, som erfaring frå økonomi- og verksemdsstyring og utarbeiding og vedlikehald av strukturar, system og rutinar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare vert det lagt vekt på at du:

  • har kjennskap til offentleg forvaltning og regelverk innan universitets- og høgskolesektoren. Erfaring innanfor utdanningsområda til fakultetet er ein fordel.
  • motiverast av å leggje til rette for gode arbeidsprosessar
  • har evna til å få gjennomslag for idear og å verte lytta til
  • har engasjement og genuin interesse for utdanning og forsking innanfor teknisk-naturvitskapelege fag
  • trivest i et internasjonalt miljø
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • er sjølvstendig og kan visa til prioriterings- avgjerds- og gjennomføringsevne har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønsregulativ l.pl 90.100, kode 1054, kr 650 000 - 800 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre heimesider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om naudsynleg verte lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR rådgivar Margot Amelia Treen, tlf 51831419, e-post [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verte offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verte oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje, vert du varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS