Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Avdelingsleder SV-info

Søknadsfrist: 13.10.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Om stillinga

Vi har for tida ei ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar, ved SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

SV-info har ansvar for å gje studieinformasjon og å yte tenester til studentar og søkjarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Avdelinga har i tillegg ansvar for sakshandsaming av studentsøknadar, studiestart, rekruttering, internasjonalisering, tilrettelegging av studiekvardagen, læringsmiljø og studieadministrative rutinar. Avdelinga sitt arbeid skjer i tett dialog med fakultetet sine institutt og andre einingar ved Universitetet i Oslo. SV-info har 4 fulltidstilsette, 6 deltidstilsette og ein faddersjef i deltidsstilling.

Arbeidsoppgåver

  • Personal- og fagansvar for SV-info
  • Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av SV-info
  • Ansvar for å utvikle og koordinere informasjonsarbeidet retta mot studentar og fakultetet sine studenttenester
  • Saksførebuing og rådgjeving for leiinga og til fakultetet sine styringsorgan.
  • Ansvar for Si fra-systemet ved fakultet og sakshandsaming av varsel frå studentar
  • Utvikle og koordinere arbeidet med studiestart

Avdelingsleiar vil samarbeide tett med fakultetet sin studieleiar.

Kvalifikasjonskrav

  • stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom søkjaren konkret kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • erfaring med studieadministrativt arbeid
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • søkjarar med leiarerfaring, koordineringserfaring og god kjennskap til informasjonsarbeid vil bli føretrekt
  • god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy
  • kjennskap til offentleg forvaltning
  • kjennskap til lovverket som regulerer universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode leiareigenskapar og evnar å delegere
  • trivst å jobbe med mange ballar i lufta samstundes, har stort pågangsmot og gjennomføringsevne
  • er analytisk, service- og utviklingsorientert
  • evnar å motivere og skape eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • løn som stillingstittel kode 1407 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 605 500 og kr 679 000, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillingens faglige innhold:

  • Assisterende fakultetsdirektør Kari Pound Davies, e-post: [email protected], tlf: +47 91741835

Spørsmål om elektronisk søknad:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS