Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Administrativ leder ved Sosialantropologisk institutt

Søknadsfrist: 11.08.2022

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Sosialantropologisk institutt har sidan det vart etablert i 1964 vore ein viktig arena og utgangspunkt for den anerkjente norske antropologiske tradisjonen. Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske universitetsmiljøa i Europa, og størst i Norden. Det er for tida registrert om lag 400 studentar ved instituttet, inkludert rundt 30 på PhD-programmet. Dei tilsette har brei kompetanse og arbeider med mange tematiske felt innanfor faget sosialantropologi.

Ved Sosialantropologisk institutt er det ledig fast stilling administrativ leiar (Kontorsjef SKO 1054).

Stillinga er underlagt instituttleiar og varetek leiinga av instituttet sitt tekniske, administrative og forvaltningsmessige arbeid. Den administrative leiaren inngår i instituttet si leiargruppe og vil gjennom det delta i leiinga av heile instituttet.

Det er tett administrativt samarbeid mellom einingane ved fakultetet og administrativ leiar inngår også i fakultetet sitt administrative leiarnettverk.

Du kan lese meir om instituttet her.

Arbeidsoppgåver

I stillinga inngår sekretærfunksjon for instituttstyret og med det førebuing og iverksetjing av saker. Oppgåvene i stillinga er varierte med personalleiing, økonomistyring, handtering av personal- og tilsettingssaker, planlegging og styring av studie- og forskingsadministrasjon.

Stillinga er underlagt instituttleiar og er delegert ansvaret for instituttet sine tekniske, administrative og forvaltningsmessige oppgåver. Kontorsjefen inngår i instituttet si leiargruppe.

I stillinga inngår sekretærfunksjonen for instituttstyret med førebuing av saker og iverksetting av vedtak. Oppgåvene i stillinga er varierte og femner om personalleiing, økonomistyring, handtering av personal- og tilsettingssaker i tillegg til planlegging, leiing og koordinering av studieadministrativ støtte.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande master. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Leiarerfaring og god administrativ kompetanse, samt relevant erfaring frå administrasjon innan offentleg verksemd.
  • Erfaring frå universitet eller liknande utdanningsinstitusjon er ei føremon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere medarbeidarar, gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og sjølvstendig initiativ vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • løn som kontorsjef kode 1054 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 689 100 og kr 888 200, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

• Fakultetsdirektør Gudleik Grimstad, tlf: +47 22 85 62 65

• Instituttleiar Rune Flikke tlf: +47 22 85 75 71

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS