Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seksjonsleiar IT - Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 20.01.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Universitet i Oslo er i ei spanande omstillingsperiode der dei tradisjonelle IT/AV-grunntenestene er i ferd med å bli automatiserte, slik at UiO kan utnytte ressursane til føremon for betre støtte til forsking og undervisning. IT-leiaren spelar ei viktig rolle når det gjeld å å styrke kompetansen i eigen seksjon slik at den kan tilpassast framtida. Seksjonen arbeider tett med universitetet sitt senter for informasjonsteknologi (USIT).

Seksjonsleiar IT leiar ein seksjon med 16 årsverk og har eit fagleg og koordinerande ansvar for alt av IT/AV-ressursar ved heile fakultetet.

Styret ved UiO har nyleg vedteke å opprette eit organisasjonsutviklingsprosjekt som mellom anna skal vurdere framtidig organisering av IT-verksemda. Det kan medføre endringar både i organisering og lokalisering av tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Leiar av IT/AV seksjonen med fagansvar og personalansvar for 20 tilsette
  • Ansvar for dagleg drift av seksjonen og oppfølging av tilsette, inklusive HelpDesk
  • Sikre god dialog med, og oppfølging av drift- og utvklingsoppgåver knytte til grunndrift, drift av klinikk og eksperimentell laboratorievirksomhet med medisinsk utstyr (EEG, FMRI, MR), sentral IT og andre forsknings- og undervisningsrelaterte prosjekt og sentre
  • Ansvar for seksjonen sin økonomi, og bidrag til fakultetet sitt budsjettarbeid
  • Vere ein del av administrativ leiarstab i fakultetsadministrasjonen og på fakultetet
  • Syte for effektiv drift og intern kompetanseutvikling, slik at seksjonen kan møte framtidas behov for tilpassa tenester til forsking og undervisning

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning tilsvarande masternivå – helst innan IT eller leiing. Relevant realkompetanse og erfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant leiarerfaring innan IT frå sammenliknbar organisasjon
  • Evner til å utvikle og kommunisere UiO og fakultetet sine strategiar
  • God kjennskap og forståing for fagfeltet
  • Innsikt i informasjonstryggleik og GDPR
  • Flytende norskkunnskaper, eventuelt eit anna nordisk språk.
  • Gode engelskkunnskaper, munnleg og skriftlig

Det vil også bli lagt vekt på

  • Gode leiareigenskapar og erfaring med omstilling
  • Kommunikasjonsevner og evne til nytenkning
  • Resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • Dyktig til å planlegge, setje i verk, kontrollere og følge opp aktiviteter
  • Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr

  • Løn som seksjonsleiar stillingskode 1211 fastsettast etter individuell vurdering innanfor et spenn mellom kr 667 200 og kr 860 300, avhengig av kompetanse
  • Pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • UiOs velferdsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høyt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit til eigenutvikling og kompetanseheving

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS