Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kontorsjef - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 23.10.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Psykologisk institutt har om lag 230 tilsette og er det største instituttet for psykologisk forskning i Noreg.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Psykologisk institutt er det ledig ei stilling som administrativ leiar.

Stillinga er underlagt instituttleiar og er delegert ansvaret for instituttet sine tekniske, administrative og forvaltningsmessige oppgåver. Kontorsjefen leiar en administrasjon på om lag 20 personar og inngår i instituttet si leiargruppe.

I stillinga inngår sekretærfunksjonen for instituttstyret med førebuing av saker og iverksetting av vedtak. Oppgåvene i stillinga er varierte og femner om personalleiing, økonomistyring, handtering av personal- og tilsettingssaker i tillegg til planlegging, administrativ kompetanse i store forskningsprosjekt, og oppgåver knytt til disponering av lokalar og teknisk infrastruktur.

kontorsjefen inngår i det administrative leiarnettverket ved fakultetet og det er tett administrativt samarbeid mellom institutta og fakultetet.

Psykologisk institutt har fem studieprogram: ei årseining, eit bachelorprogram, eit to-årig masterprogram, eit seks-årig profesjonsprogram og et PhD-program. Instituttet er organisert i fem fagavdelingar som kvar vert leia av ein fagavdelingsleiar.

Instituttet har fått midlar til utvikling av eit verdsleiande miljø knytt til senteret LCBC. Instituttet har to ERC Starting Grant og to ERC Consolidator Grant, er partner i to SFF og har fleire store prosjekt finansiert av Forskingsrådet og andre.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande mastergrad. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.

Relevant administrativ erfaring innan personaladministrasjon, leiing og økonomistyring vert vektlagt.

Erfaring frå universitet eller liknande utdannings- eller forskingsinstitusjon er ei føremon.

I tillegg vert personlege eigenskapar som gjennomføringsevne, strategiske og analytiske evner, evne til kommunikasjon, god skriftleg og munnleg framstillingsevne (på norsk og engelsk), sjølvstende, samarbeidsevner og godt humør vektlagt.

Vi tilbyr ei interessant og utfordrande leiarstilling med gode moglegheiter for leiarfagleg og personleg utvikling i eit godt fungerande leiarnettverk.

Vi tilbyr

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande miljø
  • løn som kontorsjef (stillingskode 1054) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 667 200 og kr 813 400 avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • relevante vitnemål og attestar
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Innstituttleder Pål Kraft, tlf: 41649258, e-post: pal.kraft@psykologi.uio.no
  • Fakultetsdirektør Gudleik Grimstad, tlf: 22 85 62 65, e-post: gudleik.grimstad@sv.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS