Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsadministrativ leiar for aktivt forskingssenter

Søknadsfrist: 15.12.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Psykologisk institutt (PSI) er det ledig fast stilling som forskingsadministrativ leiar (avdelingsleiar SKO 1407). Stillinga er ein del av instituttet sin administrasjon. Stillinga er knytt til forskingssenteret Livsløpsendringer i hjerne og kognisjon (LCBC).

LCBC er eit aktivt, tverrfagleg forskningssenter med omlag 25 fulltidsstillingar, inkludert 5 professorar/førsteamanuensar, 3 forskarar, 10 postdoktorar og PhD-stipendiatar, 4 ingeniørar og fleire fulltids og deltids forskingsassistentar, i tillegg til støttepersonell og tilknytte internasjonale forskarar. Senteret sitt overordna forskningsmål er å bidra til betre kunnskap om endringar i hjernen og kognitive funksjoner frå fødsel, gjennom utvikling og til høg alder, i friske personar så vel som ulike pasientgrupper. LCBC driv fleire store longitudinelle forskingsprosjekt der til saman rundt 1000 deltakarar vert følgd med gjentekne undersøkingar. Prosjekta er finansiert frå Det europeiske forskingsråd, Norges forskingsråd, Nasjonalforeininga for folkehelse, Psykologisk Institutt og Universitetet i Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for senteret sin administrative stab (rådgjevarar og ingeniørar), og dei vitskapelege assistentane
  • Bistå senteret si leiing i det forskingsstrategiske arbeidet
  • Koordinere arbeidet med å søke om eksterne midlar til forsking, frå til dømes EU, NFR og andre kjelder
  • Økonomistyring ved senteret
  • Bistå senteret si leing i drifta av senteret. Dette inneber blant anna at avdelingsleiaren får ei sentral rolle i arbeidet med rekrutteringa av nye medarbeidarar og å utvikle senterets verksemd når det gjeld økonomi, HR, personvern og etiske rammer rundt forsking, kontor/areal osb
  • Ansvar for konferansar og seminar i senteret sin regi
  • Bistå i arbeidet med forskingsetikk og handtering av forskingsdata
  • Bistå i arbeidet med karriereutvikling for dei yngre forskarane i senteret

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Det vil vere ein fordel med kjennskap til psykologifaget
  • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon, ekstern finansiering og prosjektoppfølging. Det vil vere ein fordel med kjennskap til EU-prosjekt
  • Kjennskap til økonomi (budsjettering og rekneskap) er ein fordel
  • Det krev erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap, og kjennskap til relevante administrative system vil vere fordelaktig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Engelsk er arbeidsspråket på senteret

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • har evne til å koordinere andre og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ
  • har god tal-forståing og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er interessert i leiing og finn motivasjon i å gjere ein god jobb som leiar

Vi tilbyr

  • Løn som avdelingsleiar (SKO 1407) kr. 615 900 - 667 200 vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Kopi av relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Birgitte Bøgh-Olsen, tlf: +47 22 84 51 04
  • Senterleder Kristine Walhovd, tlf: +47 22 84 51 30

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS