Ledig stilling ved Nord universitet

Studieleiar innan bachelor i sjukepleie

Søknadsfrist: 01.09.2020

Nord universitet

Utfordringane verda står overfor krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er et ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, velferd, helse og oppvekst. Nord universitet har 12 000 studentar og 1200 tilsette fordelt på ni studiestader.


FSH – Fakultet for sjukepleie og helsevitskap utdannar kompetente og framtidsretta sjukepleiarar og spesialistar innanfor helse, omsorg og praksisnær forsking. Vi skal bidra til å løyse framtidige utfordringar innan helse og velferd. Fakultetet tilbyr ein tverrfakultær doktorgrad (ph.d) i profesjonspraksis.


Fakultet for sjukepleie og helsevitskap har 2400 studentar og 200 tilsette. Det faglege miljøet er organisert i faggruppene sjukepleie, farmasi og vernepleie og psykisk helse.


Les meir: www.nord.no/fsh.

Har du lyst på ein spennande jobb i universitets- og høgskulesektoren?

Om stillinga

Ved Nord universitet, fakultet for sjukepleie og helsevitskap, studiestad Vesterålen, er det ledig stilling som studieleiar innanfor bachelor i sjukepleie frå 1.1.2021.

Studieleiar blir tilsett på åremål i første omgang for perioden 1.1.2021-30.6.2022, med moglegheit for tilsetting i ytterlegare to periodar på fire år.

Hovudarbeidsstad er Vesterålen.

Den som blir tilsett må rekne med ein del reising og arbeidsoppgåver ved andre studiestader enn hovudarbeidsstaden.

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og motiverande studieleiar som kan leie studieprogram og fagområde, som er definert innan eiget studieleiarområde. Studieleiar disponerer ressursar innanfor studieleiarområdet etter delegasjon frå faggruppeleiar. Studieleiar forventast å jobbe i team leia av faggruppeleiar. Studieleiar vil få ansvar for utvikling av dei tilsette sin kompetanseprofil og kompetanseutvikling innanfor forsking og utdanning, for å byggje ein forskingskultur i tilsettgruppa. Dette ansvaret blir delegert av faggruppeleiaren. Studieleiar vil få eit særlig ansvar for deltidsutdanninga i sjukepleie og vidareutvekling av denne.

Studieleiar har faggruppeleiar som næraste leiar og rapporterer til denne i alle høve som har tyding for verksemda i studieleiarområdet.Studieleiar skal bidra til utviklinga av ein felles organisasjonskultur og skal saman med sine leiarkollegaer bidra til god samhandling internt i eige faggruppe, andre faggrupper og fakultetsadministrasjon. Vi ønskjer ein studieleiar som har evne til å engasjere, motivere og leie medarbeidarane sine gjennom samhandling, dialog og tillit.

Arbeidsoppgåver

  • Formidle informasjon, gjennomføre møter og setje i gang tiltak som fremjar idéutveksling, kunnskapsdeling og samhandling internt, med andre fagmiljø og med praksisfeltet
  • Bidra til å vidareutvikle ein inkluderande og raus universitetskultur ved Nord universitet
  • Følgje opp og leie arbeidet med studiekvalitet, emne- og studieplanarbeid, evaluering og kvalitetsutvikling på studiestadene
  • Bidra til å fremje økt samarbeid med praksisfeltet
  • Bidra i arbeidet med kvalitet, budsjett og rapportering i faggruppa
  • Følgje opp og motivere eigne medarbeidarar og gjennomføre medarbeidarsamtalar
  • Ha ansvar for å følgje opp studentane
  • Bidra til å auke mobiliteten til studentar og tilsette til og frå utanlandske institusjonar
  • Bidra med forskingsleiing og førebu for forskingsaktivitet
  • Lage individuelle arbeidsplanar og fordele oppgåver i nært samarbeid med medarbeidarane ved studieprogrammet

Det blir teke atterhald om endringar både i omfang, arbeidsoppgåver og ansvar.

Kvalifikasjonskrav

  • For tilsetting i stilling som studieleiar blir det stilt krav om minimum mastergrad eller hovudfag innan relevant fagområde.
  • Førstekompetanse er ønskjeleg. Kunnskap om og undervisningserfaring frå norsk helsefagleg utdanning er nødvendig.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Erfaring med studieleiing
  • Utdanning som leiar og/eller erfaring som leiar
  • Gode leiareigenskapar og evne til å motivere og byggje gode relasjonar mellom tilsette
  • Erfaring med undervising og forsking frå universitet og/eller høgskule
  • God evne til å kommunisere, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid

Det blir lagt stor vekt på at søkjaren har dei personlege eigenskapane som gjer ein skikka til stillinga.

Vi tilbyr

Stillinga lønnast i tråd med staten sitt regulativ i stillingskode 1473 studieleiar. Lønn etter avtale. Det blir trekt lovfesta innskot frå lønna i Statens pensjonskasse.

  • God ordning for lån, forsikring og pensjon i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, avtaler og instrukser som til kvar tid gjeld for tilsette i staten. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Kontakt

Søknad

Søknadsfrist 1.9.2020.

Den elektroniske søknaden skal innehalde:

  • Fullstendig CV
  • Fullstendig liste over publikasjonar med kommentar
  • Refleksjonsnotat om motivasjon for stillinga og vidareutvikling av studieleiarområdet (inntil éin A4-side)
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Liste over 2–3 referansar med kontaktinformasjon

All dokumentasjon skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Det er søkjar sitt ansvar å sende inn fullstendig elektronisk dokumentasjon innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen har gått ut vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngje dette. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søk på stillingen

fnokode:1234