LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Assisterande HR-sjef

Søknadsfrist: 24.09.2021

Nord universitet

Utfordringane verda står framføre krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst.


Nord universitet har 11.500 studentar og 1.350 tilsette fordelte på åtte studiestadar.

HR-avdelinga er organisert som del av universitetet sine støtte- og fellestenester på verksemdsnivå, og tek på vegner av rektor hand om ansvaret for gjennomgåande prosessar og funksjonsområde i heile institusjonen.

Dette vil mellom anna seie utvikling av personal- og lønspolitikk, personalforvaltning og rekruttering.

Avdelinga har 13 tilsette.

Vil du være med å utvikle HR-feltet i ein av regionens viktigste kunnskapsbedrifter?

Om stillingen

Ved Nord universitet, HR-avdelinga, søkjer vi ein entusiastisk assisterande HR-sjef som ønskjer å vere med å leie utviklinga av HR-feltet i organisasjonen.

Assisterande HR-sjef vil vere fast avløysar for HR-sjefen og innan ansvarsområdet sitt utøve oppgåver på vegner av HR-sjefen. Endeleg avklaring av arbeidsdeling mellom HR-sjefen og assisterande HR-sjef avtalast i samband med tilsetjing.Stillinga er fast 100 % og har kontorstad Bodø.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å vidareutvikle HR-funksjonen i tråd med behova til universitetet
  • Forvaltning og vidareutvikling av universitetet sin personal- og arbeidsgjevarpolitikk
  • Drøftingar og forhandlingar på vegner av arbeidsgjevar, inkludert lønsforhandlingar
  • Rettleiing til leiarar i arbeidsrettslege og HR-relaterte spørsmål og prosessar
  • Administrative oppgåver, utgreiingar og saksbehanding innanfor fagområdet inkludert rekruttering og tilsetjing
  • Bidra med digitalisering og effektivisering av prosessar
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga som assisterande HR-sjef krev utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande innan rettsvitskap, HR eller andre relevante fagområde. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • Gode kunnskapar om gjeldande lover og avtaleverk innan fagfeltet
  • God fagleg kompetanse og erfaring innanfor HR-feltet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar

Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben

  • Erfaring frå universitets- og høgskolesektoren vil bli lagt vekt på
  • Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
  • Serviceinnstilt, initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode analytiske evner
  • Løysingsorientert og har god prioriterings- og gjennomføringsevne

Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad.

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter statens lønsregulativ, kontorsjef (kode 1054) - ltr. 72 - ltr. 79 , kr 677 600,- - kr 801 300,- i året. For særleg kvalifiserte søkarar kan ein avtale høgare løn.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • En arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremå.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknad

Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 24.09.2021

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30124343

Søk på stillingen

fnokode:1234

Powered by Labrador CMS