LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kontorsjef ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet

Søknadsfrist: 10.09.2024

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Vil du leggja til rette for utdanning og forsking innanfor leiing og tenesteutvikling?

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ein ledig stilling som kontorsjef ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet, fakultetsadministrasjonen.

Som kontorsjef vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du støttar instituttleiar i arbeidet med å legga til rette for utdanning, forsking, innovasjon og formidling innanfor teknisk-naturvitskaplege fag.

Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor real- og ingeniørfag, og utfører verdiskapande forsking og innovasjon. Vi har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver vert laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Vi har eit internasjonalt miljø med om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelt på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Som kontorsjef vil du inngå i eit team med fleire kontorsjefar i fakultetsadministrasjonen og vera dedikert til eitt av institutta. Det ligg ikkje personalansvar til stillinga.

Hovudoppgåver

  • saman med fakultetsdirektør, sørga for at fakultetsadministrasjonen medverke til at instituttet oppnår gode resultat innanfor undervisning, forsking, innovasjon og formidling
  • medverke til god informasjonsflyt og godt samarbeid i organisasjonen 
  • sørga for god service og støtte til leiarar og tilsette ved institutta
  • medverke i den økonomiske styringa av den samla aktiviteten til instituttet, ressursutnytting og erfaringsutveksling på tvers i fakultetsadministrasjonen og på tvers av institutta
  • medverke i leiargruppa ved instituttet, og vareta sekretærfunksjon for denne
  • koordinera og følgje opp strategiutvikling ved institutt i samsvar med overordna strategi, og saman med instituttleiar implementera vedtekne strategiar og planar
  • sørga for førebuing av saker for instituttleiing og instituttråd, og eventuelle andre råd og utval, basert på god styringsinformasjon

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på nivå tilsvarande mastergrad. 
  • relevant erfaring fortrinnsvis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning og forsking, og røynsle med økonomi-og verksemdsstyring, utarbeiding og vedlikehald av strukturar, system og rutinar. 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • har kjennskap til offentleg forvaltning og regelverk innan universitets- og høgskolesektoren. Erfaring innanfor utdanningsområda til fakultetet er ein fordel.
  • motiverast av å leggje til rette for gode arbeidsprosessar
  • har evne til å bidra til utvikling og gjennomføring av nyvinningar
  • har evna til å få gjennomslag for idear og å verte lytta til
  • har engasjement og genuin interesse for utdanning og forsking innanfor teknisk-naturvitskapelege fag 
  • trivest i et internasjonalt miljø
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • er sjølvstendig og kan visa til prioriterings- avgjerds- og gjennomføringsevne har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.100, kode 1054, kr 700 000 - 800 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. 

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til senior HR-rådgivar Margot Amelia Treen, tlf. 51831419, e-post rekruttering@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS