LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER
Traineeprogrammet i staten: Overingeniør i kjemi
Søknadsfrist: 14.09.2025
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig 16 % midlertidig trainee-stilling som overingeniør i kjemi ved laboratoriet knytt til Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi.
Trainee blir tilsett for ein periode på to år med moglegheit for forlenging i inntil eitt år og fast tilsetjing. Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og er reservert for deg som er arbeidssøkjar og i tillegg har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Du må òg ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Sjå meir informasjon om traineeprogrammet i staten her.
Den som vert tilsett vil bidra med god og relevant rettleiing i laboratoriet både for studentar og tilsette, særleg innan HMS/stoffkartotek. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Vi ønskjer ein nysgjerrig person som er oppdatert innan fagområdet og som ønskjer vidareutvikling både for seg sjølv og for laboratoriet si verksemd.
Hovudoppgåver
- kjemikaliehandtering/kjemikalieavfallshandtering/stoffkartotek
- rettleiing på laboratoriet av studentar, stipendiatar og andre tilsette
- drift og vedlikehald av laboratorium og laboratorieutstyr
- ivareta helse, miljø, tryggleik og kvalitet (HMS-K)
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelor-nivå i kjemi
- relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- erfaring og god kompetanse innan kjemikaliehandtering.
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
- er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- digitalt medarbeidarutviklingsprogram i regi av DFØ
- moglegheit til å skaffe deg nyttig kompetanse som kan vere relevant for jobbkarrieren din
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling.
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1087, kr 96 000 - 112 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Trainee-programmet
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre sine ulikskapar og bakgrunn. Universell utforming skal prege både dei fysiske og dei digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Stillingane i traineeprogrammet i staten er retta mot deg som har nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, samt høgare utdanning. Med søkjar med nedsett funksjonsevne meiner vi ein søkjar som oppgjer å ha ei reduksjon i funksjonsevna og som krev tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Konkret er føresetnaden at den nedsette funksjonsevna ikkje er forbigåande og/eller bagatellmessige forhold som ikkje påverkar funksjonen i nemneverdig grad.
For å bli rekna inn under definisjonen hol i CV-en må du ha vore ute av arbeidslivet til saman to av dei siste fem åra. Frivillige opphald blir ikkje rekna som hol i CV-en. Opphaldet må anten skuldast sjukdom, rus eller soning, eller at ein har vore aktiv arbeidssøkjar utan å få jobb. Personar med innvandrarbakgrunn er ikkje i målgruppa for traineeprogrammet med mindre dei anten har nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en.
Som tilsett gjennom traineeprogrammet får du først og fremst verdifull arbeidserfaring og førstehandskunnskap om statleg forvaltning.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Spørsmål om stillinga
- Liv Margareth Aksland (Laboratorieleder), +4751831866, liv.m.aksland@uis.no
- Rosa Andrade (HR-rådgiver), +4751831191, rosa.c.andrade@uis.no