LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som seniorkonsulent (eksamenskonsulent) ved Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 16.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (eksamenskonsulent) frå 01.03.2022 - 31.12.2022.

Stillinga er knytt til studieseksjonen ved fakultetssekretariatet og har sin arbeidsplass i Christiesgate 12.

Stillinga inneber mellom anna ansvar for kvalitetssikring, utviklings- og utgreiingsarbeid innan eksamensfeltet. Den som blir tilsett vil bli ein del av fakultetets eksamensgruppe som tel fem medlemmar. Eksamenar blir haldne gjennom heile semesteret. Til vikariatet ligg også leiaransvar for fakultetet sitt informasjonssenter og hovudansvar for planlegginga av studentmottaket ved semesterstart.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
  • Planlegging og gjennomføring av studentmottaket ved semesterstart
  • Leiar for fakultetet sitt informasjonssenter
  • Sakshandsaming knytt til inndraging av studierettar, eksamen og beslekta felt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det er ønskeleg med mastergrad, gjerne kombinert med relevant administrativ praksis og/eller spesialkompetanse tilpassa oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning er ein føremon. Det same gjeld erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentlig forvaltning.
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og andre digitale verkty er ein føremon.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk (begge målføre) og engelsk
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere, inspirere og fremje samhandling
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Sans for kvalitet i arbeidet, prioriteringsevne og nøyaktighet
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52 - 58 (for tida kr 475 800 - 524 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stilllingen

Powered by Labrador CMS