Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for vitskapsteori (SVT) er det ledig eit 100 % vikariat som seniorkonsulent for studie- og forskarutdanningsadministrasjon. Vikariatet er knytt opp mot foreldrepermisjon, og gjeld for perioden 01.06.2020 til 28.02.2021.
SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 40 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling.
Arbeidsoppgåver:
Studieadministrativ oppfølging av danningsemne og ph.d.-kursa i vitskapsteori og etikk (SVT) og oppfølging av program/emne innan kjønnsstudium (SKOK)
Saksbehandling i studierelaterte saker
Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
Studierettleiing
Informasjons- og formidlingsarbeid inkludert webinformasjon
Internasjonalisering og studentmobilitet
Delta i utvikling av dei respektive programma/retningane og emna saman med emneansvarlege, fagansvarlege, faggruppeleiarar og programstyra
Sekretær for programstyre og lærarmøtet
Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og –emne
Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning.
Administrativ oppfølging av stipendiatar
Administrativ oppfølging av forskarutdanning og forskarskular
Koordinatoransvar for disputasar
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga, måtte ta del i andre administrative oppgåver.
Næraste overordna er administrasjonssjefen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
høgare utdanning på minimum masternivå eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
det blir lagt vekt på relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til det studieadministrative Felles studentsystem (FS)
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk.
Personlege eigenskapar:
gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
strukturert og sjølvstendig,
fleksibilitet og sørvisinnstilling
evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
Vi kan tilby:
stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 59 (for tida kr 487 600–522 800) etter tenesteansiennitet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
kompetanse- og karriereutvikling
samarbeid gjennom nettverk
fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA)
medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved e-post tone.lund-olsen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal vedleggjas søknaden.