Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på 8 medarbeidarar, og rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Instituttet deltar i fleire tverrfaglege studieprogram på bachelor- og masternivå ved fakultetet, i tillegg til studieprogram instituttet sjølv administrerer. Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet er derfor ein sentral del av arbeidet i studieadministrasjonen.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil innehalde varierte oppgåver innan studieadministrasjon.
Døme på oppgåver er:
Administrasjon av eksamen på alle nivå
Time- og oppdragskontrakter / sensorhonorar
Generelt studieadministrativt arbeid
Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelt. Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på minst bachelornivå, mastergrad er ein fordel. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Bør ha kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning
Erfaring frå studieadministrativt arbeid er ein fordel.
Relevant administrativ IT-kompetanse er ein fordel, særleg erfaring med systema FS, Inspera og ePhorte.
Relevant fagleg bakgrunn kan vere ein fordel
Vi søkjer kollegaer som
er serviceinnstilt, fleksibel og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er initiativrik, sjølvstendig løysnings- og resultatorientert
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 51-55 (førstekonsulent i kode 1408) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
Utfyllande opplysningar om denne stillinga, kan ein få ved å vende seg til:
Instituttet ved administrasjonssjef Grete K. Ersland, tlf. 55 58 27 59, e-post: grete.ersland@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.