LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (vikar) ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 05.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

NB! Utvidet søknadsfrist

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent frå 01.01.22-31.12.22. Du vil i denne stillinga jobba tett opp mot dei ulike fagmiljøa ved instituttet, og ha oppgåver som er knytt til både vår forskings- og undervisings aktivitet. Stillinga som seniorkonsulent inngår som ein del av den administrative staben ved instituttet som elles består av ein seniorkonsulent, ein administrasjonssjef og ein forskingsrådgjevar.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er allsidige og omfattar:

  • saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver
  • administrasjon av forskarutdanning, forskarskule, forskingsgrupper, datalagring og liknande
  • ta del i instituttet sin undervisningsadministrasjon
  • tilrettelegging for gjesteforskarar
  • CRISTIN-rapportering
  • hjelpe til med å arrangere seminar og samlingar
  • oppretting og oppdatering av nettsider

Lista over er ikkje utømmeleg. Den administrative staben jobbar tett saman med instituttleiinga for å drifte instituttet på best mogleg måte og denne stillinga skal både individuelt og saman med resten av administrasjonen løyse behov som oppstår. Stillinga kan derfor verte tillagt andre oppgåver ved instituttet enn dei som går fram av lista over.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi ser etter ein person som kombinerer desse kvalifikasjonane og eigenskapane på ein god måte:

  • har høgre utdanning på mastergradsnivå, eventuelt med særleg erfaring og kompetanse tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
  • administrativ røynsle frå universitets- og høgskulesektoren er eit krav
  • har god administrativ IT-kompetanse
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling
  • har evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta innan fristar, og ta initiativ til problemløysing som svarar på dei behova som dukkar opp
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk og engelsk

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52 - 55. Dette utgjer for tida kr 475 800 - 499 500 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • administrasjonssjef Anlaug Lid, Institutt for samfunnspsykologi, 55 58 32 11, anlaug.lid@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS