LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 05.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du vere med og drifte ein forskerskule i ernæring?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Trives du med administrative oppgåver? Då bør du lese vidare!

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig fast stilling som seniorkonsulent (20 %) med tilsetjing så snart som mulig. Stillinga er finansiert for ein periode på fem (5) år, og knytt til ein heilt nyoppretta nasjonal forskerskule i ernæring finansiert av Noregs Forskningsråd.

Den som vert tilsett vil bli ein del av Klinisk institutt sin administrasjon på 12 personar, med eit særs godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåvene dine vil vera:

  • administrativ oppfølging av ulike oppgåver knytt til drifta av forskerskulen
  • administrativ og praktisk hjelp til deltakarane
  • oppdatering av nettsider
  • arbeid med kursbevis
  • støtte til faglig leiar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Vi søkjar deg som har:

  • bachelorgrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • erfaring frå administrativt arbeid, fortrinnsvis ved UiB eller andre utdanningsinstitusjonar
  • erfaring med adminstrative systemer, til dømes Felles studentsystem (FS)
  • god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk

Det vil vera eit stort føremon om søkjar har ein annan stilling ved UiB som kan kombinerast med denne stillinga.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi ønskjer at du:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • kan arbeide effektivt og løysningsorientert
  • er kreativ og fleksibel
  • likar å ha kontakt med folk
  • kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-62 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 526 100- 573 900. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS