LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 05.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det eit ledig eit vikariat i 100 % som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent) frå 10. januar til 10. juni 2022, med moglegheit for forlenging.

Stillinga er tilknytt allmenn litteraturvitskap og klassiske fag. I stillinga vil det òg ligge oppgåver knytte til kontakt med fagutvala ved instituttet.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 70 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 40 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 15 personar knytte til administrasjonen.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

Personlege eigenskapar vil bli lagt tungt vekt på i tilsetjingsprosessen.

Næraste overordna er studieleiaren ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:

  • planlegging og avvikling av eksamen og undervisning
  • kontakten med fagmiljøet generelt og fagkoordinatorar spesielt
  • rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar
  • studieplanarbeid
  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
  • kontakten med interne og eksterne sensorar
  • sekretær for programstyra for allmenn litteraturvitskap og for klassiske fag
  • informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • ymse sakshandsaming
  • rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon
  • Kjennskap til eller bakgrunn frå instituttets fagtilbod er ein føremon.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein føremon.
  • Interesse for og gode evner innan rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.
  • Kjennskap til relevant IT-kompetanse (til dømes FS, ePhorte, Inspera) er ein føremon.

Språk, skriftleg og munnleg

  • Begge målformer, nynorsk og bokmål
  • Gode engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å halde orden på mange detaljar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter lønssteg 55 - 58 (kode 1363 i statens regulativ, for tida 499 100 – 524 500. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS