LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (studiekoordinator) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (studiekoordinator)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 (K1) og Klinisk institutt 2 (K2) er det ledig ei fast stilling (100 %) som seniorkonsulent (studiekoordinator), med 50 % tilsetjing ved kvart av dei to institutta. Utdanning er ei viktig oppgåve for fakultetet og institutta. Vi søkjer no etter ein kollega til teamet vårt, som kan vere ein motiverande studiekoordinator og ei positiv drivkraft for det viktige studiearbeidet ved institutta.

Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervising på høgt internasjonalt nivå. Institutta har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin, farmasi, ernæring og odontologi. Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 er to av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutta har til saman ansvar for meir enn 80 emne og har studentar både i Bergen og ved samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde og Haugesund. Studieprogramma er for tida i endring, og innføringa av prosjektet Vestlandslegen inneber at fleire studentar vil vere utplassert ved samarbeidande sjukehus.

Administrasjonen ved institutta har ansvar for administrasjon av studieprogram, forsking, personell og økonomi. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid for instituttas ulike studieprogram. Næraste leiar er administrasjonssjefane ved K1 og K2.

Arbeidsoppgåver:

  • arbeidsleiar for studieadministrasjonen (7 personar inkludert arbeidsleiar), med delegert personalansvar
  • ansvarleg for arbeidsfordeling og ivaretaking av kapasitet
  • koordinering av dei studieadministrative oppgåvene ved båe institutta
  • vere sakshandsamar for administrasjon av nokre av emna ved K1 og K2
  • bindeledd mellom institutta og fakultet innan det studieadministrative feltet
  • bidra i utgreiingsarbeid, til dømes knytta til Vestlandslegen
  • vere institutta sin ressursperson i studieadministrative spørsmål, i nær dialog med fagleg leiing
  • ansvar for administrasjon av institutta sine emner
  • ansvarleg for å ivareta web og formidling
  • høgt kvalifiserte sakshandsaminsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha:

  • mastergrad eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke
  • erfaring med sakshandsaming
  • erfaring og kjennskap til elektroniske administrative verkty
  • erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Det er ønskeleg at søkjarar har:

  • relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • erfaring med og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til studieadministrativ arbeid (FS, Mitt UiB, TP, Inspera Assessment, ePhorte og andre)
  • interesse for helsefagleg utdanning

Vi søkjer ein person som har:

  • svært gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • evne til å motivere andre
  • stor grad av ansvarsmedvit og sjølvstende
  • stor arbeidskapasitet og kan vise evne til gjennomføring
  • stor grad av fleksibilitet
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • evna å setje seg inn i nye saksfelt raskt

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS