LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (studiekonsulent) - Institutt for biovitskap (BIO)

Søknadsfrist: 29.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (studiekonsulent)

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent).

Om instituttet

Institutt for biovitenskap (BIO) er eit mangfaldig og breitt institutt som er høgst involvert i emnar som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, Arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking. Om lag 2/3 av den vitskapelege staben arbeider med marine problemstillingar. BIO utfører utdanning og forsking frå organisme, populasjon og økosystemnivå innan teoretiske, eksperimentelle, og feltorienterte tema, og tilbyr ein spennande og utoverretta utdanning og forsking innan eit breitt felt, med framifrå moglegheiter for nasjonal og internasjonal interaksjon og samarbeid.

BIO vart etablert i januar 2018 ved samanslåing av Institutt for biologi, og Molekylærbiologisk institutt. Instituttet er det største av syv ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har for tida om lag 300 tilsette, derav meir enn 60 professorar og førsteamanuensar, om lag 90 ph.d.-studentar og postdoktorkandidatar og 70 teknisk/administrative tilsette.

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner som blir gitt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige masterprogram (Fiskehelse, og Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. BIO har eit Senter for framifrå utdanning (SFU) bioCEED og derfor eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring. BIO har nyleg blitt med i eit interdisiplinært masterprogram-initiativ i Berekraft ved UiB.

Stillinga vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman ti tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Seksjonen er òg sekretariat for instituttet sine studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Studieseksjonen samarbeider tett med bioCEED (Senter for framifrå utdanning i biologi) om undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt. Den som vert tilsett, vil få delegert administrativt ansvar for eit studieprogram eller studieretning ved instituttet enten aleine eller saman med andre.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming i studierelaterte saker
  • Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
  • Koordinering/informasjon mot studentar/studentorganisasjonar/undervisarar/andre program og emne
  • Informasjons- og formidlingsarbeid, både knytt til rekruttering og generelt informasjonsmateriell om studiet (inkludert webinformasjon)
  • Studentopptak og -mottak
  • Studierettleiing
  • Internasjonalisering
  • Delta i utvikling av dei respektive programma/retningane og emna saman med emneansvarlege, fagansvarlege, faggruppeleiarar og programstyra
  • Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og -emne
  • Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning.
  • Andre studieadministrative oppgåver kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ynskjeleg med biologi og gjerne andre naturvitskaplege fag i fagkrinsen.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse.
  • Kjennskap til og erfaring i bruk av Felles Studentsystem (FS) og elektroniske portalar er ein føremon
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring med studie- og utdanningsrelatert arbeid, sakshandsaming og administrasjon.

Vi søkjer en kollega som:

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • bidrar til vårt gode arbeidsmiljø
  • har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52- 58 (for tida kr 475 800 - 524 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.
  • høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan biologi.
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar finn ein på UiB sine nettsider.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Julie Stavnes (Julie.Stavnes@uib.no / 55585330), eller
  • Studieleiar Beate Ulrikke Rensvik (Beate.Rensvik@uib.no / 55592241)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS