Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (studiekonsulent) - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 10.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei 100 % stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent). Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1700 studentar. I den administrative staben inngår 12 stillingar.

Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og seniorkonsulenten rapporterer til henne. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla. 20 % av stillinga er knytt til Infosenteret ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeide med studie- og emneplanar
  • Førebu studietilbod
  • Samarbeide med fagkoordinator i studiesaker
  • Vere sekretær for fagmøte og programmøte
  • Drive studierettleiing
  • Drive informasjonsarbeid
  • Førebu og delta aktivt ved semesterstart
  • Bistå ved studiearrangement
  • Ivareta det administrative arbeidet knytt til ekskursjonar og feltkurs/feltarbeid og sjå til at UiBs beredskapsplan vert følgt
  • Behandle innpassing av ekstern utdanning
  • Arbeide med internasjonalisering
  • Ta del i rutineutvikling
  • Ivareta korrespondanse og variert sakshandsaming
  • Ta aktivt del i studienettverket

Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at studiekonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljøa.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen
  • Relevant praksis er naudsynt
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskolesystemet og offentleg forvaltning vil bli vektlagt
  • Interesse for og gode evner innan studierettleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • Gode engelskkunnskapar er viktig, og det er ein føremon med kjennskap til eit anna relevant framandspråk
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som Felles Studentsystem, Canvas og ePhorte vil bli vektlagt

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og god sørvisinnstilling
  • Initiativ, engasjement og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Løn som seniorkonsulent etter lønssteg 55-59 (kode 1363) i det statlege lønnsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 487.600 – 522.800. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315 / 90933175, e-post Britt.Holsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 10.08.2020

UiB-ID: 20/6292

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS