Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (studieadministrasjon) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 28.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent).

Vi søkjer ein nysgjerrig og driftig medarbeider til ei stilling med ansvar for administrasjon av Masterprogram i meteorologi og oseanografi og forskarutdanninga (ph.d.) ved instituttet.

Geofysisk institutt er sentralt i universitetet sine satsingsområde klima og energiomstilling, og driv undervisning og forsking innan meteorologi, klima, fysisk og kjemisk oseanografi og fornybar energi. Instituttet har bachelor- og masterprogram i meteorologi og oseanografi, og har det administrative ansvaret for masterprogramma i energi. Forskarutdanninga er ein stor og viktig del av utdanningsaktiviteten ved instituttet. Geofysisk institutt har óg koordineringsansvar for nasjonal forskarskule i klimadynamikk. For nærare informasjon om instituttet, sjå www.uib.no/gfi.

Instituttadministrasjonen har 11 tilsette som yter administrativ støtte til fagmiljøa innan områda personal- og økonomiforvaltning, informasjonstenester, studieadministrasjon, forskarutdanning og forskingskoordinering og forskingsadministrasjon. Administrasjonen si målsetjing er å leggje forholda best mogleg til rette slik at dei vitskapleg tilsette kan drive forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet.

Arbeidsoppgåver:

Den tilsette vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon, med utgangspunkt i admninistrativ koordinering av masterprogram og forskarutdanninga ved instituttet.

Døme på oppgåver er:

  • Sakshandsaming- og utgreiingsoppgåver
  • Sekretær for programstyret og forskarutdanningsutvalet
  • Koordinering, kvalitetssikring og utvikling av Masterprogram i meteorologi og oseanografi og ph.d.-utdanninga ved instituttet.
  • Studentopptak og - mottak
  • Studierettleiing, informasjonsverksemd og rekruttering.
  • Medverknad i undervisningsplanlegging og tilrettelegging av undervisning.
  • Eksamensarbeid knytt til fullføring av grad
  • Disputasadministrasjon
  • Arbeid med nettsider
  • Spesialistoppgåver knytt til internasjonal mobilitet og innpassing av norsk og utanlandsk utdanning

Som tilsett i administrasjonen må du og kunne ta del i andre oppgåver om naudsynt. Studiekonsulenten skal rapportere til administrasjonssjefen som er næraste overordna.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på masternivå, eller tilsvarande utdanning. Vidare vil følgjande kvalifikasjonar kunne vere ei føremon: Utdanning innan realfag, gjerne med bakgrunn frå meteorologi, oseanografi, matematikk, fysikk.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitets- og høgskolesektoren eller offentleg forvalting er ein føremon.
  • Relevant praksis er ein føremon (men nyutdanna kan òg søkje)
  • God administrativ IT-kompetanse er ein føremon.
  • Kjennskap til/erfaring med Felles Studentsystem (FS), sakshandsaming- og arkivsystem, og UiB sine elektroniske portalar er ein føremon.

Språk

  • God skriftleg framstillingsevne på båe målføre i tillegg til engelsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og vere ansvarsmedviten
  • Initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
  • Resultat- og løysingsorientert
  • Serviceinnstilt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 472000 - 504 700) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Kristin Kalvik, kristin.kalvik@uib.no, telefon 55582601

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS