Seniorkonsulent (prosjektøkonom) - Institutt for biomedisin
Søknadsfrist: 04.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig stilling som prosjektøkonom (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg. Instituttet har ca. 200 tilsette og ein administrasjon på 12 personar.
Administrasjonen legg til rette og gir støtte til våre vitskapelege kollegaer som driv med undervisning og forsking innan eit bredt spekter av basalmedisinske fagområde. Vi forvaltar eit budsjett på over 130 millionar kroner. No treng vi ein ny kollega i administrasjonen
Arbeidsoppgåver:
Støtte til forskarar innan økonomi og forskingsadministrasjon
Økonomistyring av ekstern - og internfinansierte forskingsprosjekt.
Prosjektoppfølging; ansvar for kontraktsoppfølging, budsjettering og økonomirapportering.
Søknadstøtte og koordinering av forskingsprosjekt
Utviklingsoppgåver, her under utvikling og forbetring av prosjektverktøy, økonomiverktøy mm.
Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet.
Rutinemessig innkjøp, regnskaps- og økonomiarbeid
Administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane.
Utforming av analyser og prognoser knytt til prosjekta.
Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskeleg
God forståing og erfaring frå alle prosesser i administrativ prosjektoppfølging er ein føremon.
Har du kjennskap til oppfølging av EU-prosjekt er det ynskeleg
Gode ferdigheiter i Excel
Må ha evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som
Er serviceinnstilt og positiv
Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
Er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
Har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidrar til et godt arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500- 553 500. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Janne Gotaas, på e-post janne.gotaas@uib.no , telefon 98038834
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.