Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som seniorkonsulent/studieprogramkoordinator hovudsakeleg knytt til administrasjonen kring bachelor og masterprogramma i pedagogikk og spesialpedagogikk.
Fakultet skal flytte store deler av virksomheten inn i nye lokaler i 2021 og 2022 og det er igangsatt en prosess for å se på hensiktsmessig organisering av administrasjonen. Dette kan innebære endringer i arbeidssted og stilling.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inngår i programkoordinatorgruppa og har oppgåver knytt til administrasjon og oppfølging av studieprogramma ved fakultet.
Dette vil mellom anna innebere:
sakshandsaming med vekt på overordna/komplekse problemstillingar og faglege utgreiingar, knytt til kvalitetssikring av studieplanar og emne.
skrive saker til undervisningsutval og følgje opp undervisningsutvalet sine vedtak og tilrådingar
vere sakshandsamar og administrativt bindeledd mellom undervisningsutvalet, og institutta og fagmiljøa som bidreg inn i studieprogrammet.
bidra inn mot avslutningsmarkering og vitnemål
den som vert tilsett vil gå inn i bemanninga av informasjonssenteret ved fakultet
drifts- og utviklingsoppgåver
arbeid knytt til rekruttering av studentar og marknadsføring av studieprogram
ivareta samarbeid med andre avdelingar og einingar ved UiB
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskiltehøve kompensere for manglande formell utdanning.
relevant praksis er eit krav
kjennskap og praksis frå universitets- eller høgskulesystemet vil bli vektlagt
røynsle frå studieadministrasjon og eksamensarbeid er ein føremon
den som vært tilsett må kunne nytte begge målformer, og kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg på engelsk
arbeide sjølvstendig og målretta
ha god IKT- forståing
ha gode kommunikasjons- og samarbeidsemner være fleksibel og serviceinnstilt
ha omstilling og endringskapasitet
personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52 - 58 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årslønn på kr 475 800 - 524 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
nestleiar studieseksjonen og gruppeleiar for programkoordinatorane Hege Sygna, tlf: 55 58 62 82, e-post: hege.sygna@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.