Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei stilling som seniorkonsulent (100 %) med administrative oppgåver innan HR (rekrutteringsarbeid) og arbeid innan HMT (Helse, Miljø og Tryggleik). Noko personalarbeid kan og bli aktuelt. Omfanget av dei ulike arbeidsfelt vil variere over tid. Anna administrativt arbeid kan og verte aktuelt. Seniorkonsulenten vil ha dagleg arbeidsleiar, men rapporterer og til seksjonsleiar.
Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Der er høg aktivitet innan rekruttering og personaloppfølging, med mange åremålsstillingar. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. I 2021 er grunnbudsjett på omlag 720 millionar kroner, i tillegg til ein eksternt finansiert aktivitet for om lag 330 millionar kroner. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar.
Hovudarbeidsfeltet vil vere oppgåver knytt til utlysing og tilsetjing. I tillegg vil sakshandsamingsoppgåver knytt til oppfølging gjennom tilsetjingsforholdet og leiarstøtte vere aktuelt. HMT-arbeidet ved fakultetet vert følgt opp gjennom eit HMT-utval og saman med verneombod. Den tilsette vil i dialog med HMT-ansvarleg, bidra i oppfølginga av saker utvalet arbeider med.
UiB arbeider med standardisering av administrative tenester generelt, inkludert digitalisering av rekrutteringsprosessar. Endringar i arbeidsfelt og arbeidsrutinar vil derfor måtte påreknas.
Arbeidsoppgåver:
Oppgåver knytt til utlysing og tilsetjing (kvalitetskontroll, publisering av stillingar, kommunikasjon med søkjarar m.m.)
Saksforelegg til tilsetjingsorgan, både tilsetjing med og utan utlysing
Sakshandsaming ved tilseting og arbeidsavtaler
Leiarstøtte ved oppfølging av tilsette i tilsetjingsforholdet
Bidra i utviklingsoppgåver knytt til saksfelta
Generell rådgiving, mellom anna knytt til lovverk og reglar
Oppfølging av fakultetets HMT-arbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring eller utdanning innan HR-arbeid, gjerne i staten, er eit krav
Erfaring frå HMT-arbeid er ein føremon
Det er ein føremon med kunnskap i statleg lov- og avtaleverk innan HR og HMT-feltet
Gode kunnskap i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
arbeider systematisk og nøyaktig
er sjølvstendig
har god evne til problemløysing
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500- 553 500. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Arbeidsleiar Beate Stølen på telefon 55 58 60 12 og e-post: Beate.stolen@uib.no eller
Arbeidsleiar Ingvild Vandeskog Wallacher på telefon 55 58 32 85 og e-post Ingvild.Wallacher@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.