Seniorkonsulent (forskingskonsulent) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 06.12.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (forskingskonsulent)
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (forskingskonsulent) (100 %). Til stillinga ligg det oppgåver knytt til arbeid med forskarutdanning, forskingsadministrasjon, informasjon og rådgjeving av institutta og fakultetet sine forskingsmiljø.
Den som vert tilsett vil inngå i Forskningsseksjonen som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen. Forskningsseksjonen har programansvar for forskarutdanninga, ivaretek forskings- og innovasjonsrådgjeving, koordineringsoppgåver på tvers av institutta, utgreiingsoppgåver og prosjektstøtte for leiinga, og også spesialist- sakshandsamingsoppgåver.
Arbeidsoppgåver:
arbeid knytt til den organiserte forskarutdanning frå opptak til disputas
Kvalitetssikring, utvikling og dokumentasjon av interne rutinar av forskarutdanninga
rapportering, drift/oppdatering og utvikling av studieadministrativt system (FS)
rådgjevar for institutta
forskingsadministrative oppgåver for gjennomføring av fakultetets strategi og
handlingsplanar
informasjon om utlysingar, søknadsstøtte for fagmiljøa og rapportering kan leggjast til stillinga
utvalsarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant doktorgradsutdanning kan tilleggas vekt
erfaring frå forskarutdanningsadministrasjon og anna administrativ erfaring
god generell IT-kompetanse
ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes FS, Mi side, ePhorte, CRIStin)
god skriftleg og munnleg engelsk og norsk
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er sjølvstendig, effektiv, strukturert og målretta
er nøyaktig og pliktoppfyllande
er initiativrik, serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
kan ta ansvar og leiing
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.