Seniorkonsulent (2 x studiekonsulent) - Klinisk institutt 1
Søknadsfrist: 10.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det 2 (to) ledige faste stillingar som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing hausten 2021.
Stillingane inngår i felles studieadministrasjon ved Klinisk institutt 1 (K1) og Klinisk institutt 2 (K2), som til saman utgjer 10 personar.
Studieadministrasjonen arbeider for å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar, og studentar som tek vidareutdanningskurs. Dette skjer i tett samarbeid med undervisarar, studenttillitsvalde og studentkull, og ikkje minst Haukeland Universitetssjukehus og undervisninga som vert gitt der.
K1 har om lag 250 tilsette og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «Ny kunnskap for betre helse». Instituttet husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av studentar i medisin, ernæring og farmasi og i fakultetet sitt ph.d.-program.
Arbeidsoppgåver:
studieadministrasjon av emne
timeplanlegging og praksisutplassering
eksamensarbeid, mellom anna knytt til OSKE-eksamen
ei av stillingane får nasjonalt koordineringsansvar for vidareutdanningskurs
saksbehandlingsoppgåver, til dømes emne- og studieplanarbeid
evalueringsarbeid
delta i studieadministrative nettverk med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvaltning
god administrativ IT-kompetanse
interesse for og røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid
røynsle frå arbeid med koordinering og samarbeid
røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mitt UiB, TP, Inspera, ePhorte og andre)
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er systematisk, nøyaktig og strukturert
er engasjert, fleksibel og imøtekommande
har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
er god på problemløysing
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500- 553 500. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.