Produsent ved Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 19.09.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Produsent ved Fakultet for kunst, musikk og design
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som produsent seniorkonsulent i 100 % stilling. Som produsent inngår du i ei ressursgruppe på om lag 8 årsverk og samarbeider tett med andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen, som studieseksjonen-, samt forskings- og formidlingsgruppene. Produksjonsressursen ved fakultetet er 2,5 årsverk. Produsenten rapporterer til assisterande fakultetsdirektør.
Arbeidsoppgåver:
Delta i planlegging, administrativ oppfølging og avvikling av arrangement, utstillingar og seminar innan heile fakultetet sitt arbeidsfelt
Planlegging og avvikling av fakultetet sine avgangsutstillingar og -konsertar, i tett samarbeid med fagmiljøene/instituttene
Produksjonsassistanse i samband med seminar, disputasar og presentasjonar av forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid, etter nærare avtale og i tett samarbeid med fagmiljø og forskingsadministrasjon.
Samarbeid med fakultetet sin formidlingsgruppe om publisering og kommunikasjon i samband med pubikumsretta arrangement
Ansvar for fakultetet sine lys- og scenetekniske installasjonar, inkludert sikkerhetssertifisering. Samarbeid med KMD sine overingeniørar om bruk av teknisk utstyr.
Opplæring av studentassistentar innan oppgåvene for stillinga
Samarbeid med eksterne aktørar
Utføre nødvendige bestillingar/innkjøp
Noko sakshandsaming og må påreknast
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha minimum ha utdanning på bachelornivå. Det er en fordel med utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Røynsle med produksjon av utstillingar, kunst- og designprosjekt.
Røynsle i høve til planlegging og avvikling av arrangement. Det er en fordel med kjennskap til lys -og sceneteknikk.
God IT- kompetanse, gjerne røynsle frå streaming og videoproduksjon.
Serviceinnstilling overfor studenter og fagmiljø.
Interesse for kunstnarlege fag og kjennskap til kultursektoren.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på erfaring og på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 483 700- 524 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.