LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Innkjøper (seniorkonsulent) - Universitetsmuseet i Bergen

Søknadsfrist: 04.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Innkjøper (seniorkonsulent) - Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum der forsking, samlingsforvalting og formidling er kjerneoppgåver som spenner over fagfelta antropologi, arkeologi, botanikk, geologi, kunst- og kulturhistorie og zoologi. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Administrasjon ved Universitetsmuseet har ansvar for å yte service ved å gi hjelp og legge til rette for museets forsking, samlingsforvaltning og forskingskommunikasjon ved avdelingar og seksjonar i tillegg til å utøve institusjonen sin politikk innanfor økonomi– og innkjøpsområdet.

Administrasjonen har 8 fast tilsette, der det er to fast på innkjøp, i tillegg til ca. 10 fagrekvirentar ute i fagmiljøa. Vi lyser no ut ei fast stilling (100 %) som innkjøpar i dette teamet. I tillegg til dagleg innkjøp og bistand til dei som har eit behov for innkjøp, er det ei sentral oppgåve å yte god service og leveranse ved alle former for innkjøp/anskaffelse. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.Universitetsmuseet er under omstilling og det administrative arbeidet på UiB generelt er i stadig utvikling. Dette er særleg knytt til digitalisering og standardisering, som gjer at det kan bli endringar/tillagt andre oppgåver til stillinga. Den som blir tilsett må derfor vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga ligg i administrasjon ved Universitetsmuseet, og vil ha hovudoppgåve innan innkjøp: «Behov til Betaling» - BtB :

  • Rolla som innkjøpar; bestilling av varer og tenester, fakturabehandling, kontakt mot leverandørar og oppfølging av leveransar
  • Bistand til dei som treng hjelp i innkjøpsspørsmål
  • Gje råd og bistand til prosjektleiar, seksjonsleiar og avdelingsleiar i innkjøp over kr 100.000 i samarbeid med sentralt Innkjøpskontor ved UiB, jfr. Lov og forskrift om offentlige anskaffelser og Reglement for økonomistyring i staten.
  • Rapportering til leiing ad innkjøp
  • Sakshandsaming
  • Kvalitetssikre og vidareutvikle rutinar og arbeidsmetodar innan BtB-prosessen

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgare utdanning min. bachelorgrad eller tilsvarende, frå universitet eller høgskule. Tilsvarende realkompetanse kan vere oppnådd med relevant praksis, etter- og vidareutdanning m.m.
  • Rekneskapsforståing.
  • Ein fordel med kunnskap om eller kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar.
  • Har gode samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet.
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Erfaring, forståing og/eller interesse for arbeid med digitale prosesser og plattformer, gjerne frå Unit4 ERP som økonomisystem og Tableau som rapportverktøy eller liknande system.
  • Kommunisere godt på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:I vurderinga vil ein leggje vekt på personlege eigenskapar. Me søkjer etter positive, løysingsorienterte personar som er gode i teamarbeid, arbeider sjølvstendig når det er nødvendig. Vi ønsker at du skal vere målretta, engasjert og initiativrik med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Kan prioritere i ein travel kvardag samstundes som ein jobbar mot langsiktige mål.

Vi kan tilby:

  • Interessante- og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader.
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønssteg 55-64 (for tida kroner 490 600 – 575 600) i det statlege lønsregulativet). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse; som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef; telefon 93833988, e-post kristin.nodland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Søknad, CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS