Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Matematisk institutt er det ledig eit vikariat i 100% stilling som førstekonsulent frå 1. september 2020 til 31. desember 2020.
Matematisk institutt er eitt av 7 institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Vi tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i anvendt og teoretisk matematikk og statistikk, inkludert lektorutdanning, aktuarfag og etter- og vidareutdanning. Det er 5 fast tilsette i administrasjonen, 34 fast vitskaplege tilsette og omkring 25 stipendiatar. Kunnskapar og ferdigheiter i matematikk og statistikk er fundamentale element i alle realfag, og Matematisk institutt har det viktige oppdraget å gi grunnundervisning til studentar på heile fakultetet. Vi har faggrupper i ren matematikk, anvendt og berekningsorientert matematikk, statistikk og matematikkdidaktikk. I tillegg til forsking i teoretisk og anvendt matematikk, driv instituttet tverrfagleg forsking retta mot hav, klima og helse. Administrasjonen si rolle er å yte best mogeleg støtte til undervisninga og forskinga ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Den utlyste stillinga er eit delt vikariat for to tilsette som jobbar redusert, og den som blir tilsett vil derfor samarbeide med dei andre om oppgåvene i stillinga.
Eksempel på oppgåver er:
Administrere ph.d.-studentar i doktorgradsprogrammet, inkludert disputasar
Eksamensarbeid i Felles studentsystem (FS) og i Inspera
Økonomiarbeid, inkludert arbeid med bestilling, faktura og utbetalingar
Andre administrative oppgåver som enkel brukarstøtte, handtere post, tilgangskort og nøklar, svare på spørsmål frå studentar, tilsette og andre i ekspedisjonen m.m.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha utdanning minimum på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis frå universitets- og høgskolesektoren og kjennskap til relevante administrative system er ein føremon
Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Du er serviceinnstilt, effektiv og strukturert, og du trivst med å arbeide sjølvstendig og å samarbeide med andre
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som førstekonsulent etter lønssteg 46- 55 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 420 700 - 488 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.