Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (studiekonsulent)
Ved Det medisinske fakultet, studieadministrasjon ved Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast 100 % stilling som førstekonsulent (studiekonsulent) med tilsetjing snarast mogleg. Den som vert tilsett vert del av eit team på 8 personar i felles studieadministrasjon på Klinisk institutt 1 og Klinisk Institutt 2. Vi søkjar nå etter ein ny kollega, som liker å arbeide med studentar og samarbeide med det vitskaplege personalet i eit spanande og allsidig medisinsk forskingsmiljø, og eit hektisk og travelt universitetsmiljø
Arbeidsoppgåver:
Vår nye kollega vil arbeide med å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar. Det er samarbeid med forelesarar, studenttillitsvalde og studentkull, og med Haukeland Universitetssjukehus i høve til undervisning som vert gjeven der.
Studiekonsulenten vil og samarbeide med fakultetet sin studieadministrasjon og dei andre institutta ved fakultetet. Konkret vil arbeidsoppgåvene mellom anna omfatte studieadministrasjon av kliniske emne, timeplanlegging, eksamens- og evalueringsarbeid.
Andre prosjektbaserte oppgåver kan og verte aktuelle.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god administrativ IT-kompetanse.
Interesse for og røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid, samt røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, TP, Canvas, Inspera Assessment) blir lagt vekt på.
Kjennskap til medisin-, farmasi, og/eller ernæringsstudiet og studieadministrasjon av kliniske emne er ein føremon.
Må kunne bruka båe målføre, samt munnleg og skriftleg engelsk.
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
er serviceinnstilt, like å arbeide med studentar og kunne samarbeide med det vitskaplege personalet i eit spanande og allsidig medisinsk forskingsmiljø, og eit hektisk og travelt universitetsmiljø
evner å halde oversikta over ei stor mengde informasjon og samstundes ivareta detaljane
evner å arbeide med problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 428 200 - 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Studiekoordinator Tore Lillebø, e-post: tore.lillebo@uib.no, telefon 4807 5412 eller
Administrasjonssjef ved Klinisk Institutt 2, Julie Stavnes, e-post: julie.stavnes@uib.no, telefon 9959 1846
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.