LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent - vikariat (40 %) - Matematisk institutt

Søknadsfrist: 28.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Velkommen som søkjar til Matematisk institutt! Vi har ledig ei 40 % mellombels stilling (vikariat) som førstekonsulent med oppstart snarast mogleg og med varigheit fram til til 31. mars 2022, med moglegheit for forlenging.

Instituttet har i tillegg lyst ut ei 60 % fast stilling som førstekonsulent (sjå stillingsannonse), og det er ein føremon at søkjaren er interessert i den faste stillinga også. Vi oppmodar derfor søkjarane til å søkje begge stillingane.

Matematisk institutt er eitt av 7 institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Vi tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i anvendt og teoretisk matematikk og statistikk, inkludert lektorutdanning, aktuarfag og etter- og vidareutdanning. Det er 5 faste tilsette i administrasjonen, 34 faste vitskaplege tilsette og omkring 25 stipendiatar. Kunnskapar og ferdigheiter i matematikk og statistikk er fundamentale element i alle realfag, og Matematisk institutt har det viktige oppdraget å gi grunnundervisning til studentar på heile fakultetet. Vi har faggrupper i rein matematikk, anvendt og berekningsorientert matematikk, statistikk og matematikkdidaktikk. I tillegg til forsking i teoretisk og anvendt matematikk, driv instituttet tverrfagleg forsking retta mot hav, klima og helse.

Administrasjonen si rolle er å yte best mogeleg støtte til undervisninga og forskinga ved instituttet. Vi er eit godt lag som jobbar tett saman for å løyse oppgåvene våre.

Arbeidsoppgåver:

Den utlyste stillinga inneheld følgande oppgåver:

  • støtte til rekruttering og tilsetting av studentassistentar og gruppeleiarar, inkludert bestilling av arbeidsavtaler med timelønn
  • enklare økonomioppgåver, inkludert støtte til bestillingar i UNIT-4

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha utdanning minimum på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanning.
  • Relevant praksis frå universitets- og høgskulesektoren og kjennskap til relevante administrative system er ein føremon
  • Du må ha god digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • Du må vere serviceinnstilt, effektiv og strukturert, og du må trivst med å arbeide sjølvstendig og å samarbeide med andre
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn som førstekonsulent etter lønssteg 46-55 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 431 900 – 499 500. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS