Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Dokumentasjonsforvaltar, fysisk arkiv
I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig prosjektstilling som seniorkonsulent i 12 mnd. med mogelegheit for forlenging . Vi søkjer ein dyktig arkivar som vil vere med å ivareta den historiske arven til UiB. Prosjektet skal rydde og ordne fleire fysiske arkiv, registrere dei i Asta og yte støtte i prosessen med å avlevere dei.
Arbeidsoppgåver:
Mottak og forsvarleg handsaming av arkivmateriale.
Gjennomgang og ordning av arkivmateriale i depot
Registrering i Asta
Kartlegging av prosessane og organisasjonsstrukturen som arkiv har oppstått i
Evt. skanning for avlevering
Oppgåvene kan endrast undervegs i prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Erfaring frå arbeid med eldre arkiv/arkivdepot vil bli vektlagt.
Erfaring med Asta og gjerne andre arkivsystem knytt til fysiske og digitale arkiver
God IKT-kompetanse
God kjennskap til andre relevante lover, forskrifter og retningsliner
Kjennskap til offentlege arkiver og offentleg forvaltning
Erfaring med kassasjonsvurderingar er ein føremon
Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig, strukturert og effektiv
Serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
Gode samarbeidsevner.
Interesse for historiene arkiv
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 60 (for tida kr 482 200 – 535 200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifisert søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Arkivleiar Terje Askvik (tlf. 55 58 34 81, Terje.Askvik@uib.no) eller
Koordinerande ansvarleg for papirarkiva Jane Fredstad Hauso, (tlf. 55 58 93 90, e-post: jane.hauso@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.