Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Dokumentasjonsforvaltar digitalt arkiv
I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig to prosjektstillingar i 12 mnd. som seniorkonsulent. UiB skal periodisere (avslutte) ein arkivperiode på 15 år i sakarkivsystemet ephorte, og søkjer to dokumentasjonsforvaltarar for å kvalitetssikre og ordne arkivet som skal deponerast og avleverast.
Arbeidsoppgåver:
Kvalitetskontroll og ordning av digitalt arkiv (først og fremst avslutning av saker).
Oppfølging og rettleiing av saksbehandlarar og leiarar i forbindelse med periodiseringa.
Gjennomgang og ordning av arkivmateriale i depot kan òg bli ei arbeidsoppgåve.
Oppgåvene kan endrast undervegs i prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumenthandsaming/elektronisk arkiv
God generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem.
Røynsle frå andre offentlege organ er ein fordel
Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig, strukturert og effektiv
Serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
Gode samarbeidsevner.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 60 (for tida kr 482 200 – 535 200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifisert søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.