LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studiekonsulent (vikariat) - Handelshøgskolen

Søknadsfrist: 10.10.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 2 000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum


Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Handelshøgskolen ved UiS tilbyr bachelorutdanningar i økonomi og administrasjon, rekneskap og revisjon samt rettsvitskap. I tillegg tilbyr fakultetet master i økonomi og administrasjon (siviløkonomutdanning), rekneskap og revisjon, erfarings-basert masterprogram retta mot næringslivet (EMBA) samt forskarutdanning (PhD). Fakultetet legger til rette for utdanning, forsking og formidling innafor en stor spennvidde av fag, som finans, marknadsføring, organisasjon og leiing, rekneskap og revisjon, rettsvitskap, strategi og økonomi. Universitetets Senter for innovasjonsforsking er plassert ved fakultetet. Pr i dag er omlag 100 tilsette og 1.300 studentar knytt til fakultetet.


Handelshøgskolen ved UiS er organisert i tre avdelingar: Avdeling for innovasjon, leiing og marknadsføring, Avdeling for rekneskap og rettsvitskap og Avdeling for samfunnsøkonomi og finans.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som studiekonsulent i fakultetsadministrasjonen ved Handelshøgskolen ved UiS. Vikariatet er ledig fram t.o.m. 31. august 2022.

Som studiekonsulent vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar utdanning innanfor økonomisk/administrative og juridiske fag. Ansvarsområde er studiekoordinering/-gjennomføring og studierettleiing.

Hovudoppgåver

  • administrativt eksamensarbeid
  • sakshandsame og følge opp klagesaker om sensur og karaktersetting
  • informere og rettleia studentar om plikter og rettar i samsvar med lov og regelverk
  • servicerelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 460.000 - 520.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagd til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgiver Kirsten Sikveland, tlf: 51833701, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her må du registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkkunnskapar. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS