LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER
Studiekonsulent (vikariat) - Det samfunnsvitskaplege fakultetet
Søknadsfrist: 07.02.2021

Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som studiekonsulent i fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. I det daglege vil studiekonsulent ha arbeidsstaden sin ved administrasjonen ved Institutt for sosialfag. Vikariatet er ledig frå 1. mars 2021 og i inntil eit år.
Som studiekonsulent vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar utdanning innanfor barnevern, sosialt arbeid og psykologi. Ansvarsområde er studiekoordinering/-gjennomføring og studierettleiing
Hovudoppgåver
- rettleia søkarar og studentar om studietilbod
- sakshandsame studentsaker, følge opp individuelle utdanningsplanar og saker om innpass
- delta i kvalitetsutviklingsprosessar
- ivareta informasjonsarbeid, irekna utvikling og vedlikehald av nettsider og sosiale medieplattformer som profilerer studietilbod
- planlegge og gjennomføre arrangement
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.
- relevant erfaring, fortrinnsvis frå studieadministrativt arbeid
- god framstillingsevne i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- erfaring med bruk av relevante IT-verktøy, erfaring med Canvas og studentsystemet FS er ein fordel
- har oppdatert og solid digital kompetanse og erfaring med bruk av verktøy og program til formidling på ulike kommunikasjonsplattformer
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er systematisk, effektiv og nøyaktig
- har gode kontaktskapande evner, er serviceinnstilt og imøtekommande
- er fleksibel og løysningsorientert
- er ein som bygger lag og har gode samarbeidsevner
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
- et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
- lønn som førstekonsulent etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 420.200 - 490.600 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Kontorsjef Stig Helleren, tlf: 51834274, e-post: [email protected]
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til Kirsten Sikveland, tlf: 51833701, e-post: [email protected]
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknadsbrev og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.
Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.
Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.
Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.