Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.
Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig 40% stilling som bestiller ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp. Stillinga er ledig frå 01.08.2021.
Arbeidstida er fleksibel og kan tilpassast studiar og forelesingar. Personar under utdanning er velkommen til å søke.
Den som vert tilsett skal i hovudsak behandla bestillingar og førespurnader i Service Now (saksbehandlingssystemet vårt) og deretter registrera bestillingane i Unit4 ERP (vårt innkjøps- og fakturasystem), og dessutan følgja opp varemottak.
Det er frå 1.august ledig et 20% vikariat for eit år som om mogleg kan kombinerast med den faste stillinga.
Hovudoppgåver
behandle bestillingar og førespurnader i Service Now
registrere bestillingar i Unit4 ERP
følge opp varemottak
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant utdanning innn økonomiske og administrative fag
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
har erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er sjølvstendig, effektiv og strukturert
er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1065, kr 156.400 - 170.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Kontaktinformasjon
Nærmere opplysninger om stillingen fås ved henvendelse til:
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.