Jurist (seniorkonsulent / rådgjevar) ved Universitetsdirektørens kontor
Søknadsfrist: 05.02.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Jurist (seniorkonsulent/rådgjevar) ved Universitetsdirektørens kontor, Sekretariatet for universitetsleiinga
Er du jurist med interesse for høgre utdanning og forvaltningsrett?Ved Universitetsdirektørens kontor, i seksjonen Sekretariat for universitetsleiinga er det ledig ei fast 100 % stilling som jurist (seniorkonsulent/rådgjevar). Seksjonen er den del av staben for den øvste leiinga ved universitetet.
Seksjonen har eit særleg ansvar for å være sekretariat for fleire av universitetet sine sentrale organ og utval, primært universitetsstyret, klagenemnda for studentsaker, universitetet si skikkavurderingsnemnd, universitetet sitt utval for redeligheit i forsking og valstyret. Seksjonen arbeider også med eit breitt spekter av oppgåver innanfor forvaltningsrett, personvern og internkontroll, forskingsetikk og valgjennomføring. Sekretariatet løyser vidare ulike utgreiings- eller oppfølgingsoppgåver for universitetsleiinga. Personen som blir tilsett vil samarbeide med dei andre juristane ved seksjonen og ha et særleg ansvar med å førebu saker for klagenemnda for studentsaker.
Administrasjon ved universitetet er i utvikling og endring. Seksjonen tek del i dette arbeidet og som tilsett ved seksjonen vil du ta del i og bidra i desse endringsprosessane.
Arbeidsoppgåver:
Ha eit særskild ansvar for å greie ut, leggje fram og å følgje opp saker for universitetet si klagenemnd i studentsaker
Bidra med juridisk kompetanse i enkeltsaker
Samarbeide med dei andre juristane ved seksjonen og universitet sine andre avdelingar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Master i rettsvitskap / cand. jur.
Solid skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gode kommunikative eigenskapar og evne til samarbeid
Evne til sjølvstendig oppgåveløysning
God digital kompetanse
Relevant erfaring innan forvaltningsrett er en føremon.
Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga vil bli lagt vekt på
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stillingskategori som seniorkonsulent (kode 1363) eller rådgjevar (1434) i lønssteg 60 - 66 (p.t. kr. 535 200 - 597 000) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.