Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

To studiekonsulentstillingar (fast og vikariat) ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

Søknadsfrist: 15.06.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå.

Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.

Vi søker to nye kollegaer som har lyst til å bli del av den administrative staben ved eit av Noregs leiande miljø innan samfunnsvitskapleg forsking og utdanning.

Om stillinga

Ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS), Det samfunnsvitskaplege fakultet, er det ledig ei fast og eit 1-årig vikariat,100 % stillingar (SKO 1408 førstekonsulent eller SKO 1363 seniorkonsulent) i studieadministrasjonen. Oppstart 1. september eller etter avtale. Stillingane inngår i ei gruppe på sju studiekonsulentar og du vil samarbeide tett med instituttet sine vitskaplege tilsett, eksterne samarbeidspartnarar, fakultetsadministrasjonen og studentar. Studiekonsulentane får administrasjon av kvar sitt program ved instituttet som sitt særskilde arbeids- og ansvarsområde, truleg innan sosiologi eller utviklingsstudie.

Vi ser etter deg som er profesjonell i møte med kollegaer og studentar, og som bruker handlingsrommet du får til å tenke nytt for å utvikle dei studieadministrative tenestene. Er du opptatt av å fasilitere gode prosessar og godt samarbeid i ein hektisk kvardag, og i tillegg ønsker å spele dine kollegaer gode - då kan du være den rette for oss.

Vi søker etter kandidatar som har solid studieadministrativ erfaring frå før, men kandidatar med mindre erfaring og som kan demonstrere administrativt teft og motivasjon for å jobbe med studieadministrasjon, vil også seriøst bli vurdert.

Arbeidsoppgåver

Ved ISS har studiekonsulentane ansvar for A-Å i administrasjon av «sitt» studieprogram, noko vi meiner skaper ein robust administrasjon med heilskapleg forståing av sitt fagfelt og eigarskap til sine oppgåver:

  • Generelle studieadministrative oppgåver og løpande handsaming av studiesaker.
  • Planlegging og administrasjon av undervisning og eksamensavvikling. saman med undervisningsleiar og dei emneansvarlege.
  • Studierettleiing.
  • Støttefunksjonar for digitalverktøy (digital eksamen, undervisningsplattformer, mfl).
  • Førebu saker til programrådet og følgja opp vedtaka.

Gjer merksam på at det kan gjerast endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Erfaring med sakshandsaming og administrativt arbeid.
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad.
  • God digital kompetanse.

For å kvalifisere til seniorkonsulentstilling:

  • Relevant studieadministrativ erfaring, fortrinnsvis frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Sjølvstendig erfaring med saks- og utgreiingsoppgåver innan studiefeltet.

Det er ein fordel med:

  • Utdanning med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen.
  • Erfaring med digitale verktøy, (databaser, digital eksamen, sakshandsaming og arkiv, undervisningsplattformer, digitale møteplassar).
  • Erfaring med arbeid i team.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har vilje til å bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. For å trivast i stillinga trur vi det er viktig at du er ein person som har god rolleforståing, som likar å arbeide strukturert, og at du innehar høy grad av fleksibilitet og serviceinnstilling. Det stilles krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. At ein er personleg egna og motivert for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Førstekonsulent løn frå 475 800 til 534 400 per år avhengig av kompetanse.
  • Seniorkonsulent løn frå 491 200 til 563 900 per år avhengig av kompetanse.
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling i eit profesjonelt og spanande fagmiljø.
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for å påverke studieadministrasjonen si organisering og utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar.
  • Trening i arbeidstida.
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med omtale av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS