Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekoordinator og studiekonsulent - Institutt for musikkvitskap
Søknadsfrist: 10.05.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.
Om stillinga
Ved Institutt for musikkvitskap har vi ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434/seniorkonsulent SKO 1363 frå august 2021.
Som studiekoordinator får du ansvar for å koordinere og utvikle det studieadministrative team, som samarbeider tett med det spennande og kreative fagmiljøet på instituttet. Du kjem og til å ha eit nært samarbeid med administrativ leiar, undervisningsleiar og fakultetet.
Til stillinga som studiekoordinator ligg og rolla som studiekonsulent for det engelskspråklege masterprogrammet i Music, Communication and Technology, med varierte oppgåver innan studieadministrasjon. Du vil mellom anna ha tett kontakt med undervisarar og studentar, og ansvar for informasjon om studieprogrammet sine nettsider.
Arbeidsoppgåver
koordinering og utvikling av instituttets studieadministrative arbeid
sakshandsaming, rådgjeving og rapportering i studiesaker
bindeledd mellom fakultetet og instituttet på det studieadministrative feltet
utvikle og vedlikehalde gode rutinar for forvaltning
undervisnings- og eksamensplanlegging
drift av emne og gjennomføring av eksamen
vedlikehald og oppdatering av nettsider (program-, emne- og semestersider)
sakshandsaming
oppfølging og rettleiing av studentar
anna studieadministrativt arbeid, mellom anna internasjonalisering
Stillinga krev god evne til å samarbeid, evne til å gjennomføre oppgåver, men og stor sjølvstende.
Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
bred og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå men det er ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar
det er ein fordel med erfaring med studieadministrative system som FS, TP, Canvas, Inspera og ePhorte
Vi ser etter søkjarar som er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte sidan stillinga har ansvar for å koordinere arbeidet til studieadministrasjonen på instituttet. Den som vert tilsett må ha evne til å jobbe målretta og strukturert, og samstundes være serviceinnstilt og like å jobbe med menneske.
Vi treng ein person som trivs med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, og samstundes kan motivere andre, bidra til godt teamarbeid og jobbe som lagspiller i en kunnskapsorganisasjon med mange interessentar og kontaktar.
I vurderinga av søkjarane legg vi særleg vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
Vi tilbyr
lønn frå kr 490 600,- til kr 566 700,- per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
lønn frå kr 507 400,- til kr 586 500,- per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgjevar
Vi søkjer i utgangspunktet etter ein rådgjevar. For tilsetjing som rådgjevar krevst det omfattande relevant erfaring i høve til sakshandsaming innan det studieadministrative feltet og at du kan dokumentere erfaring med leiing og koordinering av arbeid innanfor sektoren.
Søknaden skal innehalde
søknadsbrev
CV
Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
Adminstrativ leder Målfrid Hoaas, tlf: +47 22844428, e-post: malfrid.hoaas@imv.uio.no