Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulentar (2-3 stillingar) - Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk
Søknadsfrist: 01.02.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo er eit av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden. Våre ca. 130 tilsette driv omfattande forsking, undervising og samfunnskontakt innan litteratur, områdekunnskap og språkvitskap knytt til europeiske språk utanom dei nordiske. Mange av forskarane bidreg til at allmenta får innsikt i resultata til forskinga. ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate. ILOS har 80 tilsette i vitenskapelege stillingar; ca 30 stipendiatar og postdoktorar samt 18 i administrative stillingar. ILOS har omtrent 300 masterstudentar og 1000 bachelorstudentar.
Om stillinga
Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk lyser ut inntil tre faste stillingar som senior-/førstekonsulent (SKO 1363/1408) innan studieadministrasjon. Dei som vert tilsett vil mellom anna få ansvar for både studie- og eksamensarbeid innan eitt av fagområda italiensk, allmenn litteraturvitskap og polsk, tsjekkisk og bosnisk/kroatisk/serbisk.
Stillingane inngår i ei gruppe på i alt 13 personar som arbeider med studieadministrasjon, inkludert studieleiar. I studieadministrasjonen arbeider vi både sjølvstendig og tett saman. Vi er eit godt koordinert team, stiller opp for kvarandre når det trengs og har eit godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av å utvikle oss fagleg slik at vi held eit høgt nivå, utviser godt skjøn i sakshandsaminga og vert i stand til å løyse oppgåvene.
Vi har fleire svært erfarne medarbeidarar og gjev god opplæring til nytilsette. Studieadministrasjon er eit felt i utvikling. Arbeidet som studiekonsulent er mangfaldig og krev engasjement for både fag, studium og studentar. Jobben føreset ei sjølvstendig haldning, digital dugleik, gode kommunikasjonsevner og rolleforståing og interesse for universitetets sentrale oppgåver, undervisning og forsking.
Om du er ein som trivst blant engasjerte kollegaer, som liker utfordringar og ynskjer å gjere ein god jobb, kan du vere rett person i teamet vårt. I ein travel kvardag og i møte med ei stor mengd studentar og vitskapeleg tilsette er du trygg på deg sjølv og prøver å finne dei beste løysingane. Du likar å arbeide både med drift og digitale verktøy, kommunikasjon og utviklingsoppgåver. Om du kjenner deg att i dette, er du hjarteleg velkommen til å søkje jobb hos oss.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen innan eit eller fleire fag
Administrativ drift av emne, emnegrupper og studieretningar
Vedlikehald og utvikling av studieprogram
Kvalitetssikring og evaluering av studiane
Mottak, oppfølging og rettleiing av studentar
Sakshandsaming av studentsaker
Administrativ støtte til fagmiljø og studieleiar
Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga i tråd med utviklinga av studiane og instituttet.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
gode IT-kunnskapar
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel med relevant erfaring frå studieadministrasjon. Utdanning innan humanistiske fag kan òg være eit føremon.
Vi vil òg legge stor vekt på motivasjon og på at personen høver i stillinga.
Vi ser etter søkjarar som
er sjølvstendige, tek initiativ og er løysingsorienterte
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
har evne til å arbeide målretta og strukturert
har gode samarbeidsevner
er flinke med og raskt lærer seg nye digitale verktøy
Vi tilbyr
løn frå kr 461 300 til kr 524 900 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent (SKO 1408)
løn frå kr 499 500 til kr 574 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent (SKO 1363)
Det er krav om meir erfaring og større evne til å arbeide sjølvstendig for tilsetting som seniorkonsulent. Nyutdanna kandidatar er velkomne til å søkje og vil, i fall dei vert tilsett, få tilbod som førstekonsulent.
stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
Til informasjon skal følgjande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:
søknadsbrev
CV
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.