Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent (seniorkonsulent 1363)

Søknadsfrist: 17.01.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for statsvitskap driv forsking, undervising og formidling. Instituttet har i dag ein fast vitskapleg stab på 33 tilsette, 13 stipendiatar, seks postdoktorar og ti administrativt tilsette. Instituttet har om lag 1100 studentar fordelt på bachelor-, master- og ph.d.- programma i statsvitskap, samt dei tverrfaglege bachelorprogramma i internasjonale studiar og offentlig administrasjon og leiing, og masterprogrammet i freds- og konfliktstudiar (PECOS). Instituttet er vertskap for Senter for ekstremismeforsking (C-REX).

Om stillinga

Institutt for statsvitskap har ledig ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Vi søkjer ein kollega med godt overblikk og teft for studieadministrasjon. Den som blir tilsett vil få det administrative hovudansvaret for masterprogrammet i statsvitskap og skal bidra aktivt i vidareutviklinga av instituttets studietilbod.

Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på 13 personar, og du vil også arbeide tett med våre undervisarar. For nærare informasjon om instituttet, sjå nettsida vår.

Arbeidsoppgåver

Administrativ koordinator for masterprogrammet i statsvitskap:

  • Studiestart
  • Studierettleiing
  • Evaluering og kvalitetssikring av studieplan og emne
  • Vidareutvikling av studietilbodet i samarbeid med undervisingsleiar
  • Sakshandsaming
  • Førebuing av saker for programrådet og iverksetting av tiltak
  • Tilrettelegging for studentar

Andre oppgåver i studieadministrasjonen:

  • Opptak av nye studentar til instituttet sine to masterprogram
  • Undervisings- og timeplanlegging for alle emne på masternivå
  • Administrativ støttefunksjon for Canvas

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid.
  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Særs relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Samfunnsvitskapleg eller tilgrensande utdanning, gjerne statsvitskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Det er ei føremon med god administrativ IT-kompetanse og erfaring med studieadministrative verktøy som FS, Canvas, TP og RT.

Vi stiller store krav til at du er personleg egna til stillinga, og vil vektlegge følgjande eigenskaper

  • Gode samarbeidsevne
  • Du er nøyaktig og har god ordenssans
  • Evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes ein aktiv og open arbeidsmetodikk
  • Evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

  • løn som stillingstittel kode xxxx fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr xxx xxx og kr xxx xxx, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For tekniske spørsmål til annonsen: Personalkonsulent Rebecca Hynes

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS