Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulent - Institutt for medium og kommunikasjon
Søknadsfrist: 23.05.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) har som formål å drive forsking, undervisning og formidling om moderne medium og om deira plass i samfunnet. IMK har om lag 50 tilsette, av desse er 10-12 doktorgradskandidatar og postdoktorar. Instituttet har nærmare 500 aktive studentar på ulike nivå. Instituttet tilbyr årseining og bachelorgrad i medium og kommunikasjon i tillegg til mastergrader i medievitskap, Politisk kommunikasjon og Screen Cultures. IMK er eit tverrfagleg institutt, basert på akademiske tradisjonar både frå humaniora og samfunnsvitskap.
Om stillinga
Ei fast stilling som studiekonsulent (førstekonsulent SKO 1408 eller seniorkonsulent 1363) er ledig ved Institutt for medium og kommunikasjon (IMK).
Studieseksjonen ved instituttet består av ein studieleiar og to studiekonsulentar og seksjonen har ansvar for administrativ oppfølging av studieprogramma til instituttet. Den som skal tilsetjast skal utføra varierte oppgåver innanfor studieadministrasjon og stillinga inneber tett kontakt med undervisarar og studentar.
Arbeidsoppgåver
Administrativ drift av emne og emnegrupper
Undervisnings- og eksamensplanlegging
Oppfølging og rettleiing av studentar
Oppdatering av relevante nettsider
Generell saksbehandling
Andre studieadministrative oppgåver
Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet . Ved eventuell tilsetting i stilling som seniorkonsulent blir det stilt krav til sjølvstende og kompetanse
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Gode IT-kunnskapar
personleg dugleik og motivasjon for stillinga
Følgjande kompetanse kan vera ein fordel:
Erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren
Kjennskap til og erfaring frå arbeid med studieadministrative system
Kjennskap til offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Arbeidet som studiekonsulent er mangfaldig og krev engasjement for studentar. Vi søker etter ein kollega som er sjølvstendig, initiativrik og løysningsorientert. Det er vidare viktig å vera strukturert og nøyaktig, og det blir stilt krav til serviceinnstilling og gode samarbeidseigenskapar då stillinga inngår i team. Motivasjon for stillinga og at søkarar er personleg eigna vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
lønn frå kr 461 300 til kr 534 900 per år, avhengig av kompetanse (lønstrinn 50 – 58) for stilling som førstekonsulent
lønn frå kr 499 500 til kr 574 700 per år, avhengig av kompetanse (lønstrinn 55 – 63) for stilling som seniorkonsulent
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.