Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk

Søknadsfrist: 31.12.2023

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk består av fire faggrupper: Filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske språk (gresk og latin). Instituttet er også ansvarleg for examen philosophicum ved UiO. IFIKK har rundt 110 tilsette.

Om stillinga

Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk lyser ut eit vikariat som førstekonsulent/seniorkonsulent (SKO1408/SKO1363) innan studieadministrasjon, for perioden 1. mars 2024 til 28. februar 2025. Den som vert tilsett vil få administrativt ansvar for examen philosophicum, med hovudvekt på planlegging og oppfølging av eksamen, samt administrativt ansvar for masterprogrammet for filosofi.

Stillinga inngår i ei gruppe på i alt 11 personar som arbeider med studieadministrasjon, inkludert studieleiar. I studieadministrasjonen arbeider vi både sjølvstendig og tett saman. Vi er eit godt koordinert team, stiller opp for kvarandre når det trengs og har eit godt arbeidsmiljø. Det er viktig for oss å holde eit høgt nivå og vise godt skjønn i saksbehandlinga.

Jobben føreset ei sjølvstendig haldning, digital dugleik, gode kommunikasjonsevner og god rolleforståing. I ein travel kvardag og i møte med eit stort antal studentar og vitskapelege tilsette er det elles viktig at du kan handtere eit til tider høgt arbeidspress med fleire slags oppgåver som skal leverast innan faste tidsfristar, samstundes som desse oppgåvene krev høg grad av nøyaktigheit.

For nærare informasjon om instituttet sjå nettsida: Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og oppfølging av eksamen på emne
  • Administrativ drift av emne og program
  • Saksbehandling av studentsaker
  • Svare på spørsmål frå studentar 
  • Kvalitetssikring og evaluering av studietilbod
  • Utvikling av studietilbod
  • Administrativ støtte til vitskapeleg tilsette og leiinga ved instituttet

Det kan og bli lagt andre studieadministrative oppgåver til stillinga

Kvalifikasjonskrav 

  • Utdanning frå universitet eller høgskule (minimum tilsvarande bachelornivå). Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar

Det er ein fordel med erfaring frå studieadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren generelt og Universitetet i Oslo spesielt.

Vi legg stor vekt på motivasjon og at personen høver stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som

  • er ryddig, nøyaktig og systematisk, og som samtidig er effektiv og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø for studentar, vitskapeleg tilsette og for administrasjonen ved instituttet
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert, og som kan etablere og følgje gode rutinar og system
  • har god stressmestring og evnar å følgje opp fleire ulike oppgåver samtidig
  • er flink med digitale verktøy

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 502 300 til kr 565 900 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
  • lønn frå kr 540 500 til kr 615 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS