Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent innan internasjonalisering

Søknadsfrist: 15.10.2023

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Demokrati, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Ved Studieseksjonen ved Det humanistiske fakultetet er det ledig 100% fast stilling som førstekonsulent knytt til internasjonalisering på studiefeltet.

HF søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar til ei fast stilling innan internasjonalisering på studiefeltet.

Det internasjonale teamet støttar dei sju institutta til fakultetet i internasjonaliseringsarbeidet deira. Saman forvaltar vi ein stor portefølje av internasjonale avtalar og rundt 700 programstudentar på studieopphald i utlandet kvart år. Både nasjonale og lokale ambisjonar tilseier at talet på studentar på utveksling skal aukast, blant anna gjennom mobilitet i UiOs europeiske universitetsallianse Circle U.

Stillinga inngår i eit hyggjeleg team med fem tilsette, noko som gir gode moglegheiter for samarbeid og læring. Stillinga vil få sjølvstendig ansvar for studentutveksling og høve til å setja preg på arbeidet med studentmobilitet.

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav 

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsevner
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • god kjennskap til utdanningssystemet i Noreg

Det er ein fordel om du har:

  • Kompetanse i andre europeiske framandspråk
  • Erfaring frå internasjonalt utdanningsarbeid eller erfaring frå studieopphald i utlandet
  • Erfaring med bruk av webpubliseringsverktøy og sosiale medium

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • Tek ansvar og viser initiativ
  • Kommuniserer og samarbeider godt
  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Jobbar sjølvstendig og viser stor evne til fleksibilitet
  • Kan formidla i både fysiske og digitale forum

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 502 300 til kr 565 900 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillingen”.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: 

For spørsmål om korleis søke: 

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS