Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent, 2 stillingar - Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH)

Søknadsfrist: 31.01.2020

Om stillingane

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

To stillingar som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363) er ledige ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).

Stillingane inngår i eit team som består av studieleiar og studiekonsulentar. Teamet dekker alt det administrative arbeidet med studieprogramma ved instituttet frå bachelor til ph.d.-nivå. Du kan lese om studieprogramma ved IAKH her. Du vil arbeide tett med undervisarar og med undervisnings- og programleiinga for alle studieprogramma.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen i samarbeid med fagansvarlege
  • mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
  • utviklingsoppgåver knytt til studieadministrasjon og studieprogrammer
  • informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider
  • generell saksbehandling

Stillingane krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og arbeidsoppgåvene kan variere ut frå korleis dei blir fordelt i studieteamet. Ved høve kan andre oppgåver bli lagt til stillingane.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant arbeidserfaring innan eit bredt spekter av studieadministrative oppgåver
  • god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • personleg dugleik og motivasjon for stillinga

Vi ser etter søkarar som:

  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendige og løysingsorienterte, og trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • kan rettleie ut frå retningslinjer, og samstundes gjere skjønnsmessige vurderingar

Vi tilbyr

  • løn blir fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 488 000,- og kr 563 700,- per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål og attestar

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillingane:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS