Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 17.06.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Det samfunnsvitenskapelege fakultet, Psykologisk institutt

Vil du ha administrativt ansvar for Noreg sitt største og eldste profesjonsprogram i psykologi?

Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer ein rutinert og talentfull administrator for snarleg tiltreding i vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Den som blir tilsett vil få studieadministrativt ansvar for andre halvdel av profesjonsprogrammet i psykologi.

Stillinga er ledig til og med 30.06.2022, med moglegheit for forlengelse.

Stillinga vil inngå i instituttet sin studieseksjon med 8 tilsette og føreset eit tett samarbeid med programleiing, emneansvarlege, studentrepresentantar og dei tilsette i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ koordinering av den andre delen av profesjonsprogrammet, inkludert undervisningsplanlegging og administrativt arbeid knytt til studentane si praktiske trening i psykologrolla.
  • Utarbeide og oppdatere informasjon om program og emne på programmet sine nettsider. Organisere mottak av studentar ved semesterstart, halde informasjonsmøter og drive studierettleiing.
  • Sakshandsaming av studentsaker, skikkavurdering.
  • I samarbeid med fagleg programleiing hjelpe til med saksførebuing og oppfølging av programrådet sine vedtak.
  • Halde oversikt over og levere informasjon til leiinga om ressursbruken på studieprogrammet.
  • Lage kontraktar til eksterne undervisere
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant arbeidserfaring.
  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom kandidaten kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy, mellom anna mellom anna Felles Studentsystemt (FS) og TP
  • kjennskap til offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, nøyaktig, effektiv og systematisk
  • Gode samarbeidsevner
  • Må kunne tenke langsiktig og være flink til å planlegge
  • Må kunne handtere periodar med høgt arbeidspress

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med løn frå kr. 491 200 - kr. 615 800 pr.år avhengig av kompetanse
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar, trening i arbeidstida mm.
  • Eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Vitnemål og attestar

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing.

Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

  • Avdelingsleiar Jostein Eikrem Koløen tlf.: 22 85 42 88, e-post: [email protected]
  • Personalrådgjevar: Frøydis Gjerpe Bekkedal tlf.: 22 84 51 18, e-post: [email protected] (kun ved spørsmål om elektronisk søknad)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS