Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Økonomisk institutt

Søknadsfrist: 30.11.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Økonomisk institutt har vel 90 tilsette og er det største og høgst rangerte instituttet for økonomisk forsking i Noreg. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram og to masterprogram med omlag 350 studentar, samt eit doktorgradsprogram med omlag 40 studentar. Instituttet er vert for eit senterfor studier av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og eit senter for offentleg økonomi, Oslo Fiscal Studies (OFS).

Om stillinga

Økonomisk institutt har ledig eit års vikariat som studiekonsulent (førstekonsulent SKO 1408) fra januar 2021. Vi søker etter en person med interesse for høgare utdanning og med teft for god administrasjon.

Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon som består av 10 personar. For nærare informasjon om instituttet, sjå nettsida vår: http://www.sv.uio.no/econ/

Arbeidsoppgåver

  • Studiekonsulent for årsenheten og bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi, og 1.-3. år av det femårige masterprogrammet i samfunnsøkonomisk analyse
  • Veiledning og studieinformasjon
  • Studiestart
  • Rekruttering

Innholdet i stillinga kan bli endra og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelorgrad frå universitet eller høgskule. Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Digital kompetanse
  • Relevant erfaring frå liknande arbeid

Det er ein føremon om du har

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring med å bruke relevante dataverktøy, bl.a. Office-pakka, Felles Studentsystem (FS), Inspera (digital eksamen), ePhorte (saksbehandling og arkiv), nettredigeringsverktøyet Vortex og saksbehandlingssystemet Request tracker (RT).

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
  • Evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
  • Nøyaktig og har god ordenssans
  • Aktiv og open arbeidsmetodikk
  • Gode samarbeidsevner og serviceorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med eit hyggeleg og inspirerande miljø
  • Løn som førstekonsulent (SKO 1408), kr 466 500 – 507 400 pr år
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei IA-verksemd
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS