Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS)

Søknadsfrist: 02.11.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå. Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.

Om stillinga

Ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er det ledig ei fast 100 % stilling som studiekonsulent (SKO1408 førstekonsulent). Vi søkjer etter ein person med interesse for høgare utdanning og med teft for god administrasjon. Studiekonsulenten får administrasjon av eit av programma ved instituttet som sitt særskilde arbeids- og ansvarsområde, truleg bachelorprogrammet i sosiologi. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Stillinga inngår i ei gruppe på seks studiekonsulentar ved instituttet som jobbar tett saman. Instituttet ser for tida på fordelinga av dei ulike oppgåvene, slik at ein nærare omtale av ansvarsområde først vil vera klart til å bli presentert på intervjutidspunktet.

Instituttet jobbar med å styrke læringsmiljø. Arbeid for å auke gjennomstrøyminga og motverke fråfall, samt utvikling av digital undervisning av høg kvalitet på alle våre studieprogram er særskilte satsingsområder.

Foto: Colourbox

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge undervisning og eksamensavvikling saman med undervisningsleiar og dei emneansvarlege
  • Administrere opptak til emner og seminargrupper
  • Administrasjon av eksamen
  • Førebu saker til programrådet og følgja opp vedtaka
  • Studierettleiing
  • Informasjonsarbeid – utforming og vedlikehald av informasjon på programmet sine nettsider
  • Tilrettelegging for digital undervisning

Stillinga krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse kan erstatta utdanningskravet.
  • Erfaring frå studieadministrasjon innan universitet- og høgskulesektoren.
  • Digital kompetanse
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad

Det er ein fordel med:

  • Utdanning med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
  • Erfaring med relevante verktøy, bl.a. Felles Studentsystem (FS), Inspera (digital eksamen), ePhorte (sakshandsaming og arkiv), nettredigeringsverktøy Vortex, Zoom, Mentimeter, Canvas og Teams.
  • Erfaring med rettleiing av ungdom/studentar

Personlege eigenskapar

Vi stiller store krav til at du er personleg egna til stillinga, og vil vektlegge følgjande eigenskaper:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til å jobbe strukturert, analytisk og handtere mange oppgåver samstundes
  • Evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
  • Evne til å raskt sette seg inn i og beherske nye digitale verktøy
  • Engasjement, initiativrikdom og god serviceinnstilling
  • Vilje til å bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med eit hyggelig og inspirerande miljø
  • Løn som førstekonsulent frå kr. 456 400 - 523 200 per år, avhengig av kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestarm og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Startdato: 1. januar 2021 eller etter avtale

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS
Powered by Labrador CMS