Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulent - Institutt for lingvistiske og nordiske studier
Søknadsfrist: 27.10.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.
Om stillinga
Vi har for tida eit ledig vikariat som studiekonsulent (førstekonsulent 1408 / seniorkonsulent 1363) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier (100% stilling), Universitetet i Oslo, frå 1. januar 2022 til 30.06.2022, med moglegheit for forlenging.
Studiekonsulenten er ein del av eit team på 8 personar som dekker alt administrativt arbeid knytt til instituttet sine studieprogram frå bachelor til ph.d.-nivå, samt kurs i norsk for internasjonale studentar.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
Administrativ drift av program og emne
Evaluering og kvalitetssikring, medrekna enklare utgreiingsarbeid
Mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
Informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider
Generell sakshandsaming
Det kan og bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
gode IT-kunnskapar
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
relevant arbeidserfaring frå studieadministrasjon
personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga
Vi ser etter søkjarar som:
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
har evne til å arbeide målretta og strukturert
er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
lønn frå kr 461 300 til kr 524 900 per år, avhengig av kompetanse (lønstrinn 50 – 58) for stilling som førstekonsulent
lønn frå kr 499 500 til kr 574 700 per år, avhengig av kompetanse (lønstrinn 55 – 63) for stilling som seniorkonsulent
eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
søknadsbrev
CV
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Førstekonsulent/seniorkonsulent: Vi søkjer i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetjing i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.