Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

PhD-konsulent ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 24.10.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Ei stilling som førstekonsulent SKO 1408 / seniorkonsulent SKO 1363 er ledig ved Forskningsseksjonen ved Det humanistiske fakultet.

PhD-konsulenten har oversikt over fakultetet sine PhD-kandidatar, og har i hovudsak arbeidsoppgåver tilknytt Det humanistiske fakultet sitt PhD-program. Stillinga samarbeider tett med institutta på fakultetet, og har mykje kontakt med både administrativt og fagleg tilsette. PhD-konsulenten er tilsett i forskningsseksjonen, ein av seks seksjonar i fakultetsadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga følgjer det varierte og interessante arbeidsoppgåver innanfor desse områda:

  • saksbehandling og oppgåver knytt til opptak til ph.d.-program, doktorgradsvurdering og disputasar
  • arbeid med Felles Studentsystem (database som brukast ved studieadministrasjon)
  • webpublisering og kursarrangement
  • generell saksbehandling innan fakultetsadministrasjonen sine arbeidsområder

Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande bachelorgrad, men det kan vere ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • erfaring med saksbehandling
  • gode kommunikasjonsevner
  • må kunne uttrykke seg godt munneleg og skriftleg, på både norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar, det er ein fordel med kjennskap til Felles Studentsystem
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid og sjølvstendig saksbehandling innanfor universitets- og høgskulesektoren

Vi ser etter søkarar som:

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og strukturert
  • er serviceinnstilte
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 449 300 til kr 513 600 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stillinga som førstekonsulent
  • lønn frå kr 488 000 til kr 563 700 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stillinga som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Vi søker i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetting i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS